Sjøfart

Dette er ei side for munnleg historie (oral history) om norsk sjøfart.

Sidan hausen 2015 har Memoar – norsk organisasjon for munnleg historie, Bergens Sjøfartsmuseum og Bergens Skipperforening samarbeidd om å samla inn, dokumentera og arkivera lange livshistorieintervju med sjøfolk og andre som er eller har vore knytta til norsk sjøfart. Når forteljarane er villige til å dela sine intervju også med samtida, vert dei publiserte her (sjå forteljarane). Elles vert dei lagra av Memoar og Bergens Sjøfartsmuseum. Frå vårhalvåret 2020 vert alt innsamla materiale avlevert til Norsk etnologisk gransking for "evighetslagring", gjennom www.minner.no

I oktober 2015 starta innsamlinga av munnleg sjøfartshistorie på Vestlandet. Det vart tidleg eit sam-arbeid mellom Memoar, Bergens Skipperforening

og Bergens Sjøfartsmuseum. I starten vart alle intervjuopptak gjort med publikum i museet.

Frå desember 2016 har me flytta intervjuopptaka til studio i Bergen offentlege bibliotek. I staden samlar me fleire forteljarar som alt har blitt intervjua i studio, til panelsamtalar i museet to gonger i året:

Minneopptaka er forteljaren sin eigendom. Kvar forteljar vert oppmoda om å dele (publisere) forteljingane sine. Etter kvart som dei gjer det, vil forteljingane bli publiserte her. Memoar lagar også ei eiga side for kvar forteljar, der dei kan legge mer innhald, fleire opptak, fotografi, artiklar etc,

Adressa til desse sidene står som "Les meir" under kvar video.

Ta gjerne kontakt for å avtale minneopptak: Post@memoar.no

PUBLISERTE INTERVJU

Tidlegare forteljarpanel:

Mars 2017: Gullalderen