Hjelp til logging

Logging er ein treningssak

Logging betyr å skrive eit stikkordsmessig referat frå kva som skjer i eit intervju, minut for minutt. Det er eit stort poeng å få med poengterte utsagn, gjerne ordrett - men stort sett er det nok å skrive stikkord for kva det handlar om: "Barndomsheimen" - "Ungdomsmiljø" - "Fyrste dag på fabriken" og liknande. Det er også klokt å bruke eit knippe emneord som gjerne skal utviklast særskilt for kvart innsamlingsprosjekt. Så som f.eks: "Mor var husmor" - "Fortalde minner om Måløyraidet" - "I 1962 fekk dei sin fyrste bil".

Ein erfaren loggar klarar å logge nesten i sann tid. Men ikkje utan skrivefeil - så normal tid for ein erfaren loggar er at ein halvtimes intervju krever ein times arbeid for logggen. Etter at loggen er gjort, krevst og ein times til tid ein tekstsamandrag i fritekst. Logg og tekstsamandrag er vikgtig for å gjere intervjuopptaket søkbart.

Les meir om logging under Dokumentasjon - og bli gjerne med på kurs

Prisar for å leige logging:

Logging - kr. 350,- pr. halvtime intervju. +. kr. 350,- for tekstsamandrag

Send link og eventuelt passord til intervjuet (det bør ligge i Dropbox, Google Disc, ICloud eller anna skyteneste - eller på Vimeo, YouTube eller liknande) - saman med epostadressa som loggen, tekstsamandraget og fakturaen skal sendast til - til post@memoar.no -

Dugnadslogging

Vi har gode erfaringar med å sitje fleire saman og jobbe med logging. Då er det kort veg for å be om råd når ein er i tvil eller får eit teknisk problem. Det er fint å ha ein smart-TV eller ein prosjektor, slik at ein kan ta opp "problemet" på felles skerm for alle.

Vi kan også organisere digitale legge-dugnader.