Gode spørsmål

Eksempel på Spørsmål som kan starte  intervjuet:

Opptaket må ha nokre arkiv-element som gjer at vi forstår kven som blir intervjua. Døme: 

Kvem sitt saman med meg her?

Alle intervju skal sette fortelleren i inni ein samanheng. Det skal vere lett å svare i starten: 

(Om nokon ikkje veit, eller ikkje vil svare av personlege årsakar er dette greit. Kor du kjem fra er offentlige opplysninger - ikke noe som skal klausuleres.)

Så er det fint å sette tema inn i samanheng med oppvekst. Døme arbeidsliv: 

..... og fra dette punktet startar ofte samtala å flyte inn i tema. 

Råd til den som skal intervjue:

Alle intervju skal sette forteljaren i inni ein samanheng. Det skal vere lett å svare i starten. Memoar ønsker eit stort mangfald i nettverka som samlar kjelder til historia. Det kan fungera fint med fleire enn ein intervjuar. Munnlege forteljingar er som regel fulle av avsporingar. Forteljinga har ingen tråd – den er eit tre. 

SLIK GJENNOMFØRER VI opptak, avtale og arkivering


Startplakat med navn på prosjekt og den som blir intervjua

Sluttplakat med hvem som har intervjuet, når og hvor


slik fyller vi ut Samtykke til publisering (skjema med tre ruter)


Dette klipper memoar BORT fra intervjuet


Intervjuaren si viktigaste oppgåve er å lytte til forteljaren. I dei beste intervjua fortel forteljaren fritt, om tema som forteljaren sjølv er primærkjelde til. Men intervjuaren bør også passe på at det som blir fortalt har nok detaljar til at forteljinga er meiningsfull også i framtida. 

"Kva meiner du med øygard?"

"Korleis var reglane i den leiken?"

"Kven var du saman med då?" 

"Kva står den forkortinga for?" 

Spørsmåla bør vere opne, ikkje lukka. For opptaka sin del er det lurt at intervjuaren er stillast mogleg. Vis at du lyttar med nikking, mimikk og kroppen elles, men så lite som mogleg ved hjelp av lyd.

Mange har arbeidd med spørsmål for å dokumentere dagleglivet og enkeltmenneska sine minne. Eit døme er Norsk etnologisk gransking som har arbeidd med spørjelister sidan dei blei oppretta i 1946.  Frivillige over heile landet har laga skriftlege svar som er lagra i NEG sitt  arkiv på Norsk Folkemuseumn. Etter 2016 er denne formen for minneinnsamling blitt digitalisert: Det går framleis an å delta på gamlemåten, men i dag er det meir vanleg å gi sine bidrag gjennom Minner.no. Der er det laga ein serie spørsmålslister som dei ynskjer at flest mogleg skal svare på. 

Svarsamlingane er ein verdfullt materiale for forskarar, lokalhistorikarar og andre kulturarbeidarar både i dag og i framtida. Dei er ein vesentleg del av vår felles hukommelse.

Nå er det også mogleg å avlevera fotografi, lyd- og videoopptak til Minner.no. Innslaget av munnleg kjeldemateriale vil truleg auka sterkt i åra framover. 

Memoar samarbeider nært med NEG om den vidare utviklinga av Minner.no som ein kanal for privatpersonar til å avlevera skriftlege, visuelle og munnlege minner. 

https://minner.no/tema/korona

Dei nye innsamlingane gjennom Minner.no:

Sjå alle på Minner.no