Studio

Kvar onsdag bemannar Memoar Studio 1 i Bergen Bibliotek med frivillige,  erfarne intervjuarar. Dette har me gjort sidan desember 2016. 

Dei hjelper gjerne med å gjennomføra intervju eller å assistera  viss du sjølv vil gjera eit intervju i Studio 1 på Bergen Bibliotek.

Bestill time her: post@memoar.no eller ring 55 20 15 55 

Du får epost, brev eller telefon tilbake når me har gjort avtale med ein intervjuar som kan møte deg.

Kva skjer med opptaket etterpå?

Det er forteljaren og intervjuaren som eig opptaket, og som bestemmer kva som skal skje med det. 

Memoar sitt prinsipielle syn er at den viktigaste eigaren er forteljaren - altså ho eller han som vert intervjua. 

Derfor lar me forteljaren bestemma:

Memoar ynskjer at flest mogleg skal dela forteljingane sine, både gjennom avlevering til arkiv og publisering på nett. Det er difor intervjuarane brukar fritida si på dette arbeidet. 

Forteljar og intervjuar signerer eit avtaledokument som skal lagrast saman med opptaket. Du kan lasta ned standard avtaledokument her. Dokumentet er laga slik at viss du berre signerer, har du sagt ja til både avlevering til arkiv og publisering på nett. Viss du vil avgrensa kven som skal få sjå det, stryk du berre over deler av samtykket. 

Viss både forteljar og intervjuar vil dela opptaket, legg Memoar det ut på nett med eit passord som berre forteljar og intervjuar får. Når begge har sendt ei skriftleg melding til Memoar om at passordet kan fjernast, tek me det bort slik at alle interesserte kan få sjå. Då vil også opptaket bli lagt ut på www.memoar.no/bergen