Wav i Garmin Nuvi

Det er mange modellar nuvi som ikkje har støtte for mp3, men det har vist seg att Garmin nuvi støttar wav filer som avstandsvarsel eller i TourGuide filer.

Det kan virka som alle nuvi modellar støttar wav , eg har i allefall ikkje møtt på nokon nuvi modellar hittil som ikkje vil verka med wav.

StreetPilot støttar ikkje wav.

Wav avstandsalarm har også vist seg å fungera bra saman med bruk av mp3 spelar.Mp3 spelaren pausar og fortset etter avstandsvarselet.

Men for å få PoiLoader til å laste wav filer må du ha fila sox.exe og leggja den i same mappe som PoiLoader.exe ( Sox.exe er eit Widows program og fungerar ikkje på Mac)

Eksempel: C > Garmin > PoiLoader.exe Sox.exe

Du vil ikkje kunne bruka wav filer som ein mp3 spelar, men til avstandsvarsel i Poi og lyd guide i TourGuide filer.

Bakdelen med wav filer kontra mp3 er filstørrelsen.

Wav filene må vera i 16 bit mono PMC.

Eg har laga mine wav filer i 22050hz 16 bit mono ,som gir ei lydfil med bra kvalitet . Wav filer i 11025hz blir litt dårlig etter mi meining, men gir deg ei fil som er mykje mindre. Filer i 44100hz gir liten kvalitetsøkning på stemmer men filstørrelsen økar betraktelig.

Sox.exe/Poi Loader konverterer alle wav lydfiler til 44100hz når den lagar Gpi , men lydfila kan ikkje bli bedre enn utgangspunktet.

Problemer ??

Dei mest vanlege feil som blir gjort slik at det ikkje virkar.

-Navna på poi filene , bmp ikona og wav filene er ikkje identiske. Dei må vera like bortsett frå filetternavnet .wav/.bmp/.gpx eller .csv

-Pc er sett til å skjula filetternavn til kjente filtypar, og du skriv dobbelt med filetternavn utan å vite det. (Eks: Rasteplass.wav.wav)

Min Datamaskin>verktøy>Mappealternativer>vis>hak vekk "skjul filetternavn for kjente filtyper".

-Sox.exe ligg ikkje i same mappe som PoiLoader.exe.

-Du har ikkje lagt poi,ikon og lydfiler i samme mappe .

-Du brukar Mac.

Lydfiler i wav

Fotoboksvarsel Pling Kari i wav

Fotoboksvarsel Kari i wav

Fotoboksvarsling Nora

Fotoboks Olav