Poi GPX

Kva er POI ?

(point of interest)

Eit POI er ein possisjon med navn og eventuell annan informasjon.Ein stad av interesse.

Ei Poi fil er ei samling possisjonar (koordinatar) med navn og eventuelt annan informasjon.

Det er viktig å halda Poi og Poi fil frå kvarandre i definasjon.

GPS brukar desse dataene til å visa kva som er i nærleiken av interesse. Det kan vera butikkar,familieparkar,fotoboksar og etc.

POI filer kan lastast ned fleire stadar på nettet. Poi kan brukast i saman med bildefiler (Ikon) ,og lydfiler for stemmevarsel i gps som støttar dette.

Garmin kan bruka to typar filformat , csv og gpx. Andre filformat må konverterast til csv eller gpx før bruk.

Korleis lage Gpx POI filer.

Med gpx filer kan du ha full kontroll over fart og avstandsvarsel.

Eit gpx Poi må innhalde minst 3 element: Lengdegrad i desimal grader / Breddegrad i desimal grader / Poi Navn, men kan

innehalde ei mengd element som: Kommentarfelt/Adressefelt/Telefon/e-post adresser/Kategori/Stat/Land/By/Post nr/Avstandsvarsel/

høgde/dybde/henv. til filer som lyd og bilde/etc.

Til å laga ei gpx fil må du ha ein Gpx Editor. (Det er mogeleg å redigera gpx fil med Notepad men det vil kreva litt innsikt i XML )

MapSource

MapSource er ein gpx Editor, i tillegg anna.

Med MapSource kan du lage Poi ved å markera i kartet eller angi koordinatar. Du kan søka bla. i adresse, stadar, byar og vegkryss . I MapSource kan du velgja mellom ei mengde possisjons format.

Felta i MapSource inneheld: Possisjon,navn,kommentarfelt,gate,adresse,høgde,dybde,avstandsvarsel,temperatur,kategori og henvisning til filer som bilder og lyd.

Ved å markere fleire poi, kan du endre felt i fleire poi samtidig ved å velgja egenskapar for vegpunkt.

Ved lagring ,velg lagre som gpx.

Frå brukarmanualen til MapSource

Avstand og hastigheits varsel i gpx filer.

Avstandsvarsel

*Brukar definert avstandsvarsel: Avstandsvarsel kan setjast i eige felt for kvar poi. Avstandsvarsel sett i gpx poi vil overstyra alle andre avstandsvarsel sett i filnavn eller bruk av Manuell i PoiLoader.

*Avstandsvarsel med bestemte ord i filnavnet: PoiLoader set automatisk avstandsvarsel (400m) på POI-filer som inneheld orda: Gatso, Mobile, Specs , Safety, Speed , Camera og Redlight i filnavnet . Bruk av tal saman med desse orda gir fartsvarsel + avstandsvarsel, bortsett frå Redlight som er eit reint avstandsvarsel.*OBS desse vil bli overstyrt om du har sett avstandsvarsel i gpx fila.

Avstandsvarsel i MapSource 500m

Fartsvarsel

Fartsvarsel i filnavnet.

* Ei tal i filnavnet som Fotoboks_50.gpx gir eit fartsvarsel på 50 km/t.

Fartsvarsel sett i Poi

*Fartsvarsel sett i eige felt for fartsvarsel i redigeringsvindu for poi/vegpunkt i Extra Poi Editor.

MapSource:Fartsvarsel sett i Poi navnet: @ saman med eit tal i poinavnet:Fotoboks_@30

Varslingsavstanden for fartsvarselet er sett til 167m.

Fart og avstandsvarsel sett i gpx poi vil overstyra alle andre fart og avstandsvarsel sett i filnavn eller bruk av Manuell i PoiLoader.

I enkelte gpx editorar vil det vera eige felt for fartsvarsel og du får ikkje setja fartsvarsel ved å skrive det rett i navnet.

Anbefalar å samla alle poi med same fart i ei fil og setja fartsvarselet i filnavnet.

Fartsvarsel gir og automatisk eit avstandsvarsel sett i gpx poi eller 36 sec om du ikkje har sett avst.varsel ,i forhold til den aktuelle farten du held.

Fart eller avstandsvarsel kan og setjast med PoiLoader ved å velge Manuell.

PoiLoader sin prioritet for varsel:

1 Avstand og fartsvarsel sett i Poi

2 Bruk av Manuell i PoiLoader

4 Undermappenavn Eks: Matvarer 2 = Hastigheitsvarsel 2 kmt / Rema 1000 = standard avstandsvarsel 400m

3 Filnavn (Fartsvarsel som: Fotoboks_50.gpx i filnavnet.)

Ved konvertering frå gpx til andre filformat som csv og ov2 vil alle element bortsett frå possisjon,navn og kommentar bli

utelatt om du ikkje har ein Gpx editor som kan styra desse andre elementa til kommentarfeltet.

Slik kan ei gpx fil sjå ut åpna i Notepad.

XML syntaks for Garmin .gpx

På bildet under:Her ser du adressa ligg under Poi navnet.

Dette får du til ved å skriva i adressefeltet.

NB:Start øverst i venstre hjørnet,tomme felt er også bokstavar.

Garmin nuvi viser ca 24 bokstavar i dette feltet, avhengig av modell.

Visning av Poi på Garmin nuvi

Garmin nuvi viser berre Poi på zoom nivå 80m ,50m ,30m i kartet, og Poi som du navigerar til.

Om du vil ha visning av Poi langs rute eller vegen du køyrer på utan å få avstandsvarsel ,kan du setja eit høgt farstsvarsel som 199 km/t på poi.

I gpx fila kan du då setja avstandsvarselet til den avstanden du vil ikonet skal dukka opp. Utan sett avstandsvarsel i gpx fila blir avstanden Ikonet dukkar opp på 36 sec før du når Poi ,utfrå hastigheita du har.

Ikona vil då dukka opp på kartet i alle zoom nivå ,men du vil ikkje få fartsvarsel om du ikkje er nær 199 km/t.

(NB: Bruk ikkje fartsvarsel sett i filnavnet høgre enn 199 kmt, då tall i filnavnet frå og med 200 ikkje blir rekna som fartsvarsel i nuvi.)

Nuvien vil allikevell berre visa ikona som ligg langs vegen/ruta, grensa går ca 15m frå vegen.

Zoom 200m ( 199 km/t fartsv. /varselavstand sett til 500m )