PoiLoader

Garmin brukar programmet PoiLoader for å senda Poi til gps . PoiLoader samlar og konverterer poi( csv eller gpx) ,

ikon(bmp) og lyd(mp3 eller wav) filer til ei gpi fil. PoiLoader kan også sende denne gpi fila til andre einheiter som

minnekort og pc. Ei ferdig gpi fil kan ikkje sendast med PoiLoader til gps, men kan kopierast inn med Utforsker.

Korleis konvertere / sende poi til gps eller pc med PoiLoader?

*Lag ei mappe,kall den foreksempel "Poi til gps" .

*Legg Poi filene i mappa,csv og/eller gpx filer. Skal du ha Ikon ,legg du dei i same mappa.

Ikon bildefilene må vera bmp fil, max 24 x 24 pix , lagre bmp fila som 8bit / 256 farger .

Fleire Garmin kan ikkje visa bmp i 24 bit.

*Gi alle filene (csv/gpx og bmp filer ) som høyrer saman same navn.

(Trykk for større bilde)

PoiLoader i Manuell og Ekspress.

Nr 1

*Kople gps til datamaskinen.

*Start PoiLoader

*Velg lagre til GPS einheit (Eller egendef. mappe på pc)

Nr 2

*Velg GPS einheit eller minnekort (NB StreetPilot 3xx kan ikkje lese poi frå minnekort)

*Hugs at mappa Garmin med mappa POI må vera oppretta på minnekortet.

*Skal du konvertere til gpi i ei egndef.mappe på pc, velger du mapppa den skal sendast til.Gå så til bilde nr 4.

Nr 3

*Velg å installere ny egendefinerte Poi.

*Nr 3 er ikkje i bruk ved konvertering til pc, gå til nr 4.

Nr 4

*Velg mappa du har dine poi .(Du kan ikkje sjå filene i mappa med PoiLoader ,kun mappa.)

*Velg eit navn på gpi fila. Mappenavnet er default/standard.

*Velg Manuell eller Express

*Express gå til bilde nr 6.(Her er det kva som er sett i poi navn/filnavn/undermappenavn/ varsel

sett i gpx poi som bestemmer kva varsel du får)

Nr 5

*Manuell. Bilde nr 5 er kun i manuell.

*Sett hake i "Denne filen inneholder punkter for avstandsvarsler" om du ynskjer avstands eller farts varsel.

Set fart eller avstandsvarsel for kvar poi fil ved å velgja "Varsling når hastigheten er høyere enn varslingshastigheten"

ved fartsvarsel eller "Varsling når du kommer i nærheten av et punkt" for avstandsvarsel.

(Hugs at varsel sett i poi overstyrer Manuell varsel) Ta vekk hake i denne ruta om du ikkje ynskjer varsler.

*Sett hake i "Ignorer" om du ikkje ynskjer å ha med denne fila.

Nr 6

*Ferdig , trykk fullfør.

PoiLoader prioriterar varsel slik:

1 Varsel i Poi (Avstand og fartsvarsel i gpx og fartsvarsel i csv fil)

2 Bruk av Manuell i PoiLoader

3 Filnavn (Fartsvarsel som: Fotoboks_50 i filnavnet.)

Stemmevarsel / Egenproduserte varsel lydar.

Du kan om du ynskjer leggja ved ei lydfil til fart/avstandsvarsel istadenfor Garmins standard pling og plong.

Legg lydfila i samme mappe som csv/gpx filene og bilde filene (bmp) med same navn

(bortsett frå filetternavnet .csv .gpx .mp3 .wav .bmp ) før du overfører dei med PoiLoader.

Lydfila må overførast samtidig med csv/gpx og bildefil.

Lydfila kan vera i mp3 format for gps som støttar dette, eller wav for gps som støttar dette.

Det virkar som alle Garmin nuvi støttar wav.Eg har i allefall ikkje møtt på nokon nuvi som ikkje støttar wav hittil. NB: Du må ha lasta ned fila Sox.exe og lagt den i same mappe som PoiLoader for å laste wav filer.

StreetPilot støttar ikkje wav .

Trykk for større bilde.

Kor havnar Poi på Garmin Nuvi ?

Poi ligg på GPS (eller minnekort) i mappa Garmin>POI (PoiLoader har konvertert filene til ei gpi fil).

På minnekort må du oppretta mappene Garmin>POI før du overfører med PoiLoader.

PoiLoader sender poi hit som ei gpi fil og blir kalla poi.gpi. Denne kan du gi nytt navn då

PoiLoader overskriv fila poi.gpi ved neste gongs bruk.

Subfolder. (undermapper)

Om du ynskjer at dine Poi filer skal liggja som samlemapper på din gps og ikkje fortløpande poi filer ,

kan du bruka ei undermappe ved bruk av PoiLoader. Slik kan du samla poifiler som er under same

kategori som f.eks Bensinstasjoner.

Ver merksam på at bruk av tal i mappenavnet gir varsel i poifilene. Bruk av tal 1-199 gir fartsvarsel,

tal 200 og oppover gir avstandsvarsel ,enten det som er sett i poi

eller 400 m om ikkje avstandvarsel er sett i poi .PoiLoader rangerer desse tala over varsel sett i filnavn .

Så om du har ei fotoboksfil med fartsvarsel sett i filnavnet som Fotoboks_50, Fotoboks_60 osv,

vil eit mappenavn som ATK_280510 gi avstandsvarsel på alle filene, og mappenavn som ATK_25Mai gi

fartsvarsel 25 kmt på alle filene.

Du kan bruka 1 nivå med undermapper.

Lag ei mappe .Me kan kalla den Poi til gps. Lag undermapper med poi filer i. Poi til gps > Fotoboks

(undermappe med gpx/csv ,bmp og wav/mp3)

Velg mappa Poi Til Gps ved overføring med PoiLoader .

Du kan ha max 32 csv/gpx filer pr undermappe i eit nivå til ei overføring med PoiLoader..

Pek på denne Undermapper Poi filer

mappa ved Max 32 gpx/csv filer pr mappe

overføring

>Poi til gps > Matvarer > Joker.csv Joker.bmp

Spar.csv Spar.bmp

Rimi.csv Rimi.bmp

osv.

> Fotoboks > Fotoboks_50.gpx Fotoboks_50.bmp Fotoboks_50.mp3(eller wav)

Fotoboks_60.gpx Fotoboks_60.bmp Fotoboks_60.mp3(eller wav)

osv.

> Bensinstasjon > Esso.gpx Esso.bmp

Shell.gpx Shell.bmp

osv.

Struktur med undermapper.

Struktur utan undermapper.

Garmin Nuvi viser kun Poi Ikona ved zoom novå 80 m eller mindre utan distanse varsel.

Ynskjer du at poi skal visast i navigeringskartet i alle Zoom nivå utan distansevarsel, les her.