TourGuide

Garmin TourGuide POI er kompatibel med nüvi , zūmo og StreetPilot c550, c580, 2730, 2820, 7200 og 7500.

Om du har klart å komma så langt at du kan laga Poi filer, er du klar til å kunne laga TourGuide filer.

Det står ofte beskrive av du må bruka gpx filer og at berre Gps med støtte for mp3 er kompatible med TourGuide filer.

Dette er ikkje riktig ,eg har laga TourGuide filer både med csv og gpx filer og ein Nuvi 200 utan mp3 spelar.

Csv filer vil ikkje med sin enkelheit kunna innehalda lika mykje informasjon som gpx. Nuvi modellane,

som er kompatible med wav filer kan bruka TourGuide filer med wav lyd.

I StreetPilot modellar utan mp3 fungerer ikkje TourGuide filene då StreetPilot ikkje kan lese

Wav filer (den kan visst det, men ikkje med den metoden som blir brukt her).

Alle vanlige csv og gpx filer med avstandsvarsel utløyser berre eit varsel dersom POI-er på den vegen du køyrer på ,

eller har rute på . Men, om du vil varsel om at du er i nærleiken av eit Poi, uansett kor du er ,

uavhengig av å væra på den samme vegen som POI, ja då kan du laga TourGuide fil.

Ei TourGuide poi fil har i motsetning til vanleg avstandsvarsel langs veg/rute, eit avstandsvarsel i alle retningar.

Avstandsvarselet vert ein radie rundt TourGuide poi.

Tenk deg eit kart med en sirkel rundt Poi. Hvis du er innanfor denne sirkelen, vil du utløyse varselet.

Du kan også leggja ved eit JPG-bilde ,og ei lang MP3/Wav fortelling til å spilla av når du er innanfor radius av POI.

Ei TourGuide fil må ha eit avstandsvarsel og ei lydfil for at den skal fungere som TourGuide,

manglar den ein av desse elementa blir den som ei vanleg Poi fil.

Lat oss laga ei TourGuide fil med ett veipunkt for Akvariet i Bergen.

1. Opprett ei TourGuide mappa kalt f.eks TourGuide_Attraksjonar.

2. Start MapSource eller anna Gpx editor, og opprett eit Poi som inneheld Lengdegrad:5.30483 , breddegrad:60.3994 ,

poi navn: Akvariet i Bergen , annan informasjon du skal bruka og set eit avstandsvarsel på 0.5 km (500m), TourGuide filer har nokon spesielle eigenskapar. Merk deg LINK linja (koblinger i MapSource),

som knyter kvart interessepunkt i GPX-fila til ei spesiell mappe som inneheld MP3/WAV og JPG-filer .

(Her i Extra_Poi_Editor. Trykk for større bilde)

(Her i MapSource)

3. Opprett mappa (eller fleire mapper om du har fleire POI) som du skal angi i LINK linja.

4. Plasser eit JPG-bilde ( 320x240 er optimalt, men større er greit og vil skalere.) og ei MP3 eller Wav-fil,

og hvis du ynskjer eit enkelt BMP ikonfil, i denne mappa.

Filene må innehalda ordet TourGuide i navnet.

5. Gi GPX-fila eit navn som inneheld ordet "TourGuide", Eksempel : Attraksjonar_TourGuide.gpx (legg merke til skrivemåten stor T stor G.)

6. Last denne GPX-filen til din GPS med PoiLoader programmet.

Så, når du køyrer eller går innan radius sirkelen ( Avstandsvarselet), vil du få en visuell varsling på GPS-einheiten ,

og lyden vil begynna å spela.

Du kan stoppa lyden og starta den på nytt med ein liten knapp på skjermen (nuvi versjonar med mp3).

Og du kan klikka på varselikonet (nuvi versjonar med mp3) og sjå mer info (kommentaren og beskrivelse felt), og kunna vise JPG-bilde.

Vær forsiktig med TourGuide filer . Ikke overdriv, og ikke sett avstanden for stor for interessepunkt som ikkje er sjeldne.

Det kan fort bli uønska støy og plagsomt med store mengder varsel. Varsling vil fortsatt væra aktiv på skjermen til du forlet sirkelen.

Lydfil kan også leggjast inn som vanleg, med lydfil i samme mappe som gpx og bmp, men du kan då berre få eit

lydvarsel som blir sams for alle poi i fila.

Ei TourGuide fil av Akvariet i Bergen .

Avstandsvarsel på 500 m.

Bilde frå MapSource.

Her kan du prøva TourGuide fila på GPS. GPI fil ,kopier rett inn i mappa Garmin>POI

Akvariet i Bergen TourGuide