Gjeldande vedtekter

§ 1 - Namn og adresse

Foreninga Vikeså Misjonshus

Forretningsadresse:

Foreninga Vikeså Misjonshus

Nesjane 5 4389 Vikeså

Besøksadresse:

Foreninga Vikeså Misjonshus

Vikeså Misjonshus

Nesjane 5

4389 Vikeså

§ 2 - Medlemmer

Alle som vedkjenner seg den kristne forsaking og tru kan vera medlemmer frå det året dei fyller 15 år. Medlemmer registrert i kalenderåret før årsmøtet blir halde, skal kallast inn og har stemmerett på årsmøtet. Styret kan avvisa medlemmer.

Foreninga er sjølveigande. Medlemmene har ikkje krav på innskoten medlemskapital eller andre verdiar som foreninga eig. Medlemmene hefter heller ikkje for foreninga si gjeld.

Medlemmene i foreninga skal opptre i samsvar med desse vedtektene. Dersom enkeltmedlemmer gjennom handling eller ord opptrer i strid med vedtektene, slik at det skadar foreninga, kan dei ekskluderast.

§ 3 - Føremål

Foreninga har som føremål å fremja kristen tru og lære for innbyggjarane i kommunen vår, og fremja misjon i inn- og utland. Verksemda på huset skal byggja på Bibelen og dei evangelise-lutherske vedkjenningsskriftene.

§ 4 - Eigarskap

Foreninga eig og skal forvalta Vikeså Misjonshus (Vikeså bedehus) i samsvar med desse vedtektene. Huset skal brukast til kristelege aktivitetar i ulike former.

Huset kan også nyttast til tilstelningar som ikkje strir mot husets eigenlege karakter som eit vigsla gudshus. Ein kan ikkje nyta alkohol eller ha dansearrangement i huset.

§ 5 - Årsmøte

Årsmøtet er foreninga sitt øvste organ. Fylgjande saker skal leggjast fram for årsmøtet:

  1. Årsmelding og rekneskap.

  2. Val av styremedlemmer og leiar.

  3. Kjøp og sal av heile eller deler av tomt og bygning.

  4. Større investeringar, påbygging og vedlikehald.

  5. Stifting av gjeld.

  6. Endring av vedtekter.

  7. Fastsetje medlems-/årskontingent.

  8. Avvikling.

  9. Årsmøtet kan gi styret fullmakt til å gjennomføra saker som ligg til årsmøtet.

Alle medlemmer har møte-, tale-, forslags-, og stemmerett.

Saker etter punkt 3, 5, 6 og 8 krev 2/3 fleirtal, øvrige saker alminneleg fleirtal.

Årsmøtet skal haldast innan utgangen av februar. Innkalling til årsmøte skal sendast saman med årsmelding, rekneskap, innstilling frå valnemnd og øvrige innstillingar frå styret til medlemmene seinast 14 dagar før årsmøtet. Styret kan kalla inn til ekstraordinært årsmøte om nødvendig.

§ 6 - Valnemnd

Styret skal veljast på årsmøtet etter innstilling frå ei valnemd. Valnemnda har tre medlemmer. Medlemmene i valnemnda vert valde på årsmøtet etter forslag frå Vikeså Normisjon, Vikeså Misjonsforening av NMS, og Vikeså Misjonslag av NLM. Valnemnda sine medlemmer sit i 3 år. Første gong vert det loddtrekning om kven som skal sitja i 1, 2 og 3 år. Den som sit siste år, er leiar.

§ 7 – Styret

Det skal veljast leiar og 4 medlemmer til styret. Ein av desse skal vera representant for Norsk Luthersk Misjonssamband, ein skal vera representant for Normisjon, og ein skal vera representant for Det Norske Misjonsselskap. Styremedlemmene må vera medlem av Foreninga Vikeså Misjonshus.

Kvart styremedlem skal normalt veljast for 2 år om gongen.

Leiar vert vald for eit år om gongen, og kan veljast att slik at han fungerer i inntil 3 år samanhengande. Nestleiar, kasserar og sekretær vert vald av styret.

Mellom årsmøta skal foreninga drivast av styret. Styret skal:

  • Ivareta foreninga sin økonomi og interesser.

  • Føra tilsyn med Vikeså Misjonshus og m.a.:

1. Sørgja for at det til ei kvar til er halde i forsvarleg stand og fullverdig forsikra.

2. Sørgja for ei praktisk ordning for oppvarming og lys til verksemda.

3. Sørgja for at verksemda på huset og utleige vert driven i samsvar med vedtektene.

  • Leggja fram saker for årsmøtet.

  • Godkjenna og ekskludera medlemmer.

Vedtak skal gjerast med alminneleg fleirtal med unntak av ekskludering, som krev samrøysta vedtak. Leiar i styret og kasserar kan saman signera på vegne av foreninga.

§ 8 - Endring av vedtektene

Forslag til vedtektsendring og/eller avvikling skal leggjast fram for styret seinast 3 månader før årsmøtet. Styret handsamar forslaga, og fremjar innstilling for årsmøtet. Endringar i paragrafane 6, 7, 8 og 9 som endrar den rolla vedtektene gir dei tre tidlegare eigarorganisasjonane Normisjon, Det Norske Misjonsselskap og Norsk Luthersk Misjonssamband kan ikkje gjerast utan desse organisasjonane si godkjenning.

§ 9 - Avvikling

Skulle slike forhold oppstå, at Vikeså Misjonshus ikkje kan brukast etter formålet, skal foreninga sin eigedom og gjeld gjerast opp. Resterande midlar vert i samband med avvikling overført i like deler til Normisjon, Det Norske Misjonsselskap og Norsk Luthersk Misjonssamband.

________________________________________________________________________

Vedtektene vart godkjent av stiftingsmøtet den 4. februar 2009.

Endra av årsmøtet 25.januar 2010.

Endra av årsmøtet 13.februar 2018 jfr referat frå årsmøtet 15.02.18.

Endra av årsmøtet 10.februar 2020.