Trimløpet i Melshornløpet passar perfekt for deg som ønskjer ein fin tur utan tidtaking og konkurransepress. Her kan du starte når det passar deg, og nyte den flotte naturen i ditt eige tempo.
🕒 Starttid:
Du kan starte når du vil mellom kl. 09:00 og 11:00.
📍 Påmelding og startnummer:
Påmelding og utdeling av startnummer skjer i sekretariatet ved Sivert Aarflot plass.
🎁 Premieutdeling:
Alle deltakarar, uansett klasse, er med i trekninga av flotte utrekspremiar. Premieutdelinga skjer kl. 14:30 i startområdet. NB! Ein må vere til stades i startområdet for å kunne vinne uttrekkspremie.
🚗 Kortare tur?
Synest du det er langt å gå heile vegen frå sentrum til Melshornet? Då kan du korte ned turen med ca. 3 km ved å starte frå Bratteberg skule. Her er det gode parkeringsmoglegheiter.
🏡 Bur du i nærleiken?
Om du bur i nært traseen, kan du sjølvsagt også parkere heime og gå til Melshornet derifrå.
💙 Støtt ei god sak
Alle inntektene frå trimløpet går til Kreftforeininga, så ved å delta er du med og støttar viktig arbeid for kreftsaka.
Trimløpet passar for alle – anten du vil gå, jogge eller springe. Ta med deg familie, vener eller kollegaer og bli med på ei kjekk oppleving i vakker natur!
Sekreteriat:
Parkering Bratteberg Skule: