NM 2026
5. september 2026
5. september 2026
Melshornløpet er valt ut som Noregsmeisterskap i motbakkeløp 2026, og løpet blir arrangert 5. september 2026. Dette markerer eit historisk augeblikk for Volda: Det er 45 år sidan sist eit senior-NM blei arrangert i kommunen. Den gongen var det NM i alpint i 1981.
Vi er stolte av å ønskje landets beste motbakkeløparar velkomne til Melshornet – og samstundes gi alle mosjonistar og fjellentusiastar moglegheita til å delta i eit av årets mest spektakulære løp.
For å delta i NM-klasser gjeld følgjande krav:
Deltakaren må vere medlem av ein klubb tilknytt Norges Friidrettsforbund (NFIF).
Deltakaren må vere startberettiga i tråd med NFIF sine reglar, inkludert Generelle bestemmelser punkt 5.
Du kan lese reglementet her:
👉 NFIF – Generelle bestemmelser for norske meisterskap
Reglement for norske mesterskap 2025
Utøvarar som ikkje oppfyller krava til NM kan framleis delta i vanleg konkurranseklasse i Melshornløpet.
Kvinner 15–19
Menn 15–19
Kvinner 20–34
Menn 20–34
Kvinner og menn:
35–39
40–44
45–49
50–54
55–59
60–64
65–69
70–74
75+
Mesterskapet i motbakkeløp er ikkje aldersbunde. Utøvarar i alderen 16–19 år kan velje å stille i seniorklasse i staden for juniorklasse dersom dei ønskjer det.
Gi beskjed til arrangøren ved påmelding dersom du ønskjer å konkurrere i seniorklassen.
Alle deltakarar i NM‑klassene må stille med sekk som inneheld:
Vindjakke
Vindbukse
Tørr super (overdel)
Drikkeflaske
Energibar eller banan
Arrangøren gjennomfører stikkprøver på toppen, og det blir gitt tidstillegg dersom påkravd utstyr manglar.