Arrangøren av Melshornløpet tek tryggleik og helse på største alvor. For å sikre eit trygt arrangement for både deltakarar og funksjonærar, samarbeider vi tett med Volda Røde Kors Hjelpekorps, som stiller med beredskap og førstehjelp under løpet. I tillegg er Norwegian Offshore Group (NOG) ein stolt sponsor som støttar opp om tryggleiken og gjennomføringa av arrangementet.
Alle deltakarar og funksjonærar er forsikra gjennom lisensordninga i norsk friidrett, som er utvikla i samarbeid med Gjensidige, Norges Friidrettsforbund og Idrettens Helsesenter. Lisensen fungerer som ei forsikring og gir tryggleik dersom uhell skulle skje. Det finst både helårslisens og engongslisens, og det er krav om lisens frå det året ein fyller 13 år til og med det året ein fyller 80 år. Barn under 13 år er dekt gjennom Idrettens barneforsikring.
Vi oppmodar alle til å følgje merking, lytte til funksjonærane og ta omsyn til både eigne og andre si helse under løpet.
Saman gjer vi Melshornløpet til ei trygg og god oppleving for alle!