Foto: Martin Hauge Nilsen, Kondis.no
Melshornløpet 2025:
Laurdag 6. september 2025. Prøve-NM.
Påmelding via EQ-timing.
Resultat frå EQ-timing.
Bilde frå Melshornløpet 2025
Omtale av løpet på Kondis.no: "Melshornløpet: Strålende generalprøve før NM i motbakke neste år"
Premiering:
1. plass - 3.000 kr. Junior og seniorklasse
2. plass - 2.000 kr. Junior og seniorklasse
3. plass - 1.000 kr. Junior og seniorklasse
Alle deltakarar (både konkurranse og trim) får medalje og sjansen til å vinne premiar som blir trekt blant deltakarane.
Premieutdelinga går i startområdet kl. 14:30.
NB! Ein må vere til stades i startområdet for å kunne vinne uttrekkspremie.
** *
Melshornløpet 2026: Laurdag 5. september. NM i motbakkeløp.
NM-konkurransen i 2026 får same løype som i prøve-NM i 2025.
Vinnarar 2025: Aron Rodal Haugen og Janne Elin Vatnaland. Fleire resultat i EQ-timing lenka.
Bilde og video frå løpet (fleire bilde kjem utover ettermiddagen og kvelden).
Informasjon 2025:
Start for mosjonsklassa er frå kl. 09:00 til 11:00. Konkurranseklassene har fellesstart kl. 11:00.
Løypa er på ca. 7 km og går frå havnivå til 807 m.o.h.
Løyperekord, kvinner: Monica Iren Solvang (2021): 49:37.
Løyperekord menn: Johan Bugge (2024): 38:27.
Arrangørar: Melshornets Venner, Volda Turn og Idrottslag - Friidrett.
Facebook-side for Melshornløpet
Kontakt: Mads Melbøe. E-post: mads_melboe@hotmail.com
Les meir om Melshornløpet og NM (Pressemelding juni 2025) - sjå nedst på sida.
Klasser og utstyrskrav:
Deltakarar må stille med sekk som inneheld:
Vindjakke, bukse, tørr super, drikkeflaske og energibar/banan.
Arrangør tek stikkprøver på toppen, og det blir gitt tillegg i tid om utstyr manglar.
Juniorklasse 13-19 år
Seniorklasse 20-99 år
Resultat frå Melshornløpet:
2021: Les omtale i Kondis.no - Resultat frå EQ-timing
2022: Les omtale i Kondis.no - Resultat frå EQ-timing
2023: Les omtale i Kondis.no - Resultat frå EQ-timing
2024: Les omtale i Kondis.no - Resultat frå EQ-timing
2025: Les omtale i Kondis.no - Resultat frå EQ-timing
Foto: Johann Roppen
Frå venstre: Mads Melbø (Melshornets venner), Jan Sylte (VTI friidrett), Bjørn Brudevoll (VTI Friidrett) og Atle Driveklepp frå sponsor Sparebanken Møre. Foto: Johann Roppen
Foto: Johann Roppen
NM i motbakkeløp 2026 – Volda og Melshornet klare for folkefest!
Foreininga Melshornets venner, i samarbeid med VTI Friidrett, er stolte over å få arrangere Noregsmeisterskap i motbakkeløp 2026 – med start i Volda sentrum og målgang på majestetiske Melshornet (807 moh).
Dette blir første senior-NM i Volda sidan 1981, då Noregsmeisterskapen i alpint vart arrangert på Reset. Den gongen i vinterdrakt – no i sommarversjon, men på eit like spektakulært fjell like ved. Løypa vil også gå forbi Turnhytta, som i dag blir driven av Melshornets venner, og som er ein sentral del av både løpsdagen og friluftslivet i området.
Mads Melbø, leiar for arrangementskomiteen, ser på tildelinga som eit løft for heile regionen:
– Melshornløpet har samla eit imponerande startfelt beståande av både eliteutøvarar, mosjonistar og ungdom sidan oppstarten. At vi no, saman med VTI Friidrett, får arrangere eit NM, gir løpet ein ekstra dimensjon. Vi forventar ein ekte folkefest i heile Volda denne dagen. Vi ønskjer både løparar og publikum hjarteleg velkomne til ein uforgløymeleg dag i fjellet.
Arrangementskomiteen er leia av Mads, som har vore primus motor for å få eit NM til Volda. Saman med seg har han Bjørn Brudevoll og Ole Sunde. Samarbeidet med VTI Friidrett, ved Johan Roppen, gir komiteen ekstra tyngde og fokus inn mot det viktige løpet i 2026.
Eit krav i NM-samanheng er at ein skal ha fleire aldersklasser enn til vanleg – heile 13 klasser for både kvinner og menn. Det kjem garantert til å bli knallhard kamp om medaljane i fleire av klassane, medan det i dei yngste og eldste klassane kan vere meir ope både på dame- og herresida. I enkelte klasser vil ein faktisk kunne bli noregsmeister berre ved å delta.
Ein stor takk går til hovudsponsor Sparebanken Møre, som gjer det mogleg å gjennomføre løpet på eit høgt nivå. Atle Driveklepp, finansiell rådgivar i banken, seier:
– Vi i Sparebanken Møre er imponert over jobben Melshornets venner og VTI Friidrett gjer for lokalsamfunnet, og vi deler mange av dei same verdiane som dei har. Vi gler oss saman med dei over tildelinga av eit NM, og er sikre på at dette vil gi både deltakarar og publikum eit minne for livet. Dette er eit arrangement som løftar heile regionen.
Melshornløpet mini – barnas store høgdepunkt – vil sjølvsagt også vere ein viktig del av NM-helga.
Melshornløpet 2025 går av stabelen laurdag 6. september, og blir ei viktig generalprøve før NM året etter. Arrangørane ønskjer alle velkomne til ein ny folkefest – med god stemning, ein framifrå trasé, flotte premiar og kanskje litt sol over tindane. Som alltid stiller dei med mange og svære uttrekkspremiar for alle deltakarar, i tillegg til premiepengar til dei raskaste.