Ved bestilling av huset, tek vi 10% av leigeprisen i depositum for reservasjon av huset.
Ved leige av huset vil ein få informasjon om huset, nøklar og leigeavtale saman med ein i styret. Leiga av huset skal vere betalt før huset vert teken i bruk, om ikkje anna er avtalt.
Vask er inkludert i leiga av huset. Når du er ferdig med ditt arrangement, skal du rydde, koste golv og tøme søppelbøtter på kjøkken og WC. Huset vert sjekka ved overlevering av nøkkel.
Vi ynskjer forsvarleg utleige av huset. Ungdomsfestar og liknande, der leigetakar er under 20 år, kan kun verte gjennomført med vakthald og deltakarliste.
Betaling av leige til kontonr 3993.30.16645 eller til Vippsnr 131238
8 veker før - avbestillingsfrist.