Om oss

Bondalen grendahus er eit forsamlingshus som blei bygd av og for bygda.

Vi har eit velfungerande og stort hus som er tilgjengeleg for leige om ein ynskjer det.

Våren 2022 blei Bondalen frilynde ungdomslag ny eigar og drivar av huset.

Det vil framleis vere eit grendahus og ein samlingsstad for bygda eller for tilreisande som leiger huset.


Grendahuset har eit eige styre som ligg under Bondalen frilynde ungdomslag (BFUL) .

Ungdomslaget har vore ein stor del av huset sidan det var nytt i 1992.

BFUL arrangerar ulike arrangement for barn og unge, samt for dei litt eldre.

Vi har sosiale arrangement i fokus for alle aldersgrupper.

Du finn meir informasjon om oss og arrangementa våre på vår Facebook-side.

Bondalen frilynde ungdomslag