Adresse: Bondalsvegen 777, 6165 Sæbø
Bondalen grendahus er eit forsamlingshus som blei bygd av og for bygda. Vi har eit velfungerande og stort hus som er tilgjengeleg for leige om ein ynskjer det.
Våren 2022 blei Bondalen frilynde ungdomslag ny eigar og drivar av huset. Det vil framleis vere eit grendahus og ein samlingsstad for bygda eller for tilreisande som leiger huset.