Rasmus Pedersen Thu

R.P. Thu bodde i Skudeneshavn fra 1926-1938.

Han hadde atelier i Halvorsbakken 11, Skudeneshavn, se bilde

Han kom fra Stavanger, og var kjent som reisende panoramafotograf.

I 1938 forlot han Skudeneshavn og solgte sin virksomhet her til fotograf Karl Stava.

En lengre artikkel om R.P Thu er her: Fotograf R. P. Thu (1864-1946) Reisefotograf, friluftsfotograf og atelierfotograf

Innledningen på en kortere artikkel fra Arkivverket er gjengitt nedenfor.

HELE artikkelen ligger i denne lenken.

"Reisefotografering - handverk og levebrød

"Thu flytte minst tre gonger medan han budde i Stavanger. Negativarkivet vart kanskje kasta i forbindelse med flytting. Etter at kona døydde i 1915, tok Thu ut på fotografreisene sine utafor Rogaland. I 1916 var han i Ofoten. Ein systematisk studie av annonsar i lokalaviser vil fortelja kor Thu fotograferte. Han annonserte nok på førehand når han kom til nye stader. Alle stereobileta frå distrikta langs kysten skriv seg truleg frå åra etter 1915. Tre av slektningane hans har bevart delar av slike seriar (290 er høgaste serienr.). Mellom desse finst fleire eksteriør- og interiørbilete frå kyrkjer, både i og utafor i Rogaland.

Nokre år seinare starta den omfattande panoramabilet-produksjonen. I 1921-1922 tok han fleire slike i Stavanger-distriktet. Utstyret hadde han nok kjøpt i USA. Nokre av bileta frå Rogaland vart trykte lokalt i Stavanger som tre samanbretta postkort, alle med formatet 9 cm x 14 cm. I åra 1922-1923 reiste Thu over store delar av Sørlandet og Vestlandet. Han tok panoramabilete frå bygder og gardar langs heile kysten. Det er ikkje kjent på kva måte han produserte og selde bileta. Familien hans har bevart mange små kontaktkopiar av panoramabileta, kleba opp på albumblad. Desse var kanskje reklame- eller demonstrasjonsbilete. Thu tok særleg mange panoramabilete på Karmøy, både før og etter at han og andre kona hans, Anna f. Axelsen, flytte dit i 1926. Thu dreiv då vanleg atelierfotografering i småbyen Skudeneshavn. Dette vart siste etappen på ein lang og variert fotografkarriere. Då han og kona flytte tilbake til Stavanger i 1938, selde han atelieret med negativarkivet til fotograf Karl Stava. Arkivet erksisterer ikkje i Skudeneshavn i dag.

(Fortsettelse i denne lenken)