John Kjølvik

Hentet fra Fotonettverk Rogaland:

"Atelierfotografar i Ryfylke før 1960"

"John Kjølvik frå Jelsa var først skomakar i Stavanger. I åra mellom ca. 1907-1928 var han fotograf i byen. Han dreiv også ein såkalla bromidanstalt frå 1909 og hadde filialar i Kopervik og i Sauda. Det er uvisst når og kor lenge han hadde filial i Sauda før han flytte dit med familien sin ca. 1928. I åra frå 1907 og seinare var han først og fremst kjend som postkortfotograf og som reisefotograf, særleg i Ryfylke. I 1907, 1919 og 1922 fotograferte han familiar og gardstun i Sauda (sjå kap. 3.6 nedanom). Kring 1928 eller litt seinare flytte Kjølvik dit og opna atelier saman med sonen. Etter eit par år flytte familien til Karmøy og ei tid etter til Sandnes. Det er ikkje kjent kor omfattande praksisen var i Sauda, eller om Kjølvik eller sonen fotograferte den korte tida han budde på Sandnes. John Kjølvik flytte tilbake til Stavanger og døydde der i 1935. Negativarkivet frå Stavanger-tida er ikkje bevart. Det er ikkje kjent om det finst negativmateriale etter han i Sauda."