Skuleframvekst i Noreg

Alt i 1739 kom "Forordning om skolerne på Landet" som slo fast at der var plikt for alle å få undervising i kristendom og lesing, anten i faste skular eller som omgangsskule, og det siste var vanlegast.

Men der vart motstand mot lova, skulen blei betalen med ein ny skuleskatt, og borna trongs til arbeid på gardane.

Alt i 1741 vart loven endra ved en "Placat", slik at det var opp til kyrkjelydane i prestegjelda å iverksetja skuleordninga.

Den fyrste skulelov vedteken av Stortinget i Noreg var frå 1827: "Lov angaaende Almueskole-væsenet paa Landet".

Då vart ordninga frå 1739 og 1741 avløyste.

Den nye lova fastsette skuleplikt i 2-3 månader i året, frå 7-års alder til konfirmasjon.

Og alle prestegjeld skulle ha sin eigen fastskule.

Det vart vedteke skulestyre, med presten som fast formann.

I 1889 kom nye lovar om folkeskule på landet og i byane, med fastskule og utvida fagkrav.

Meir om då skulen gjekk "på omgang": Omgangsskole.

Med fastskule og fagkrav kom skuleopplæringa inn i betre former.

Eksempel frå ein annan stad i landet her: Kva for fag hadde dei på skulen?

Ei liste med endringar i skuleordninga fram til i dag, finn du her: Skuleutvikling i Noreg.