Om skulen

OBS
På nettsiden er det blitt en del rot og feil med lenker etter at Google konverterte nettstedet til NY UTGAVE.
Utbedringer vil komme ....

Skulen blei bygd rundt 1890-92, sjå Skuleutbygging i Skudenes ... før det var det Omgangsskule.
Skulen låg like ved gamle riksvegen på gnr 30.bnr 12, sjå bilde.

Det var den nye lov om folkeskule som kom i 1889 som løyste ut bygging, sjå Skuleutvikling i Noreg:
" 26. juni 1889 ble lover om folkeskoler for by og land vedtatt.
Det ble en felles skole for alle samfunnslag, men med egne lover for henholdsvis landsfolkeskole og byfolkeskole.
Fagkretsen ble utvidet også til naturfag, geografi, historie, håndarbeid, sløyd, gymnastikk og tegning"

Før 1889 hadde det fyrst vore undervising som førebuing til konfirmasjon, og frå 1739 omgangsskule, sjå Skuleframvekst i Noreg:
"Alt i 1739 kom "Forordning om skolerne på Landet" som slo fast at der var plikt for alle å få undervising i kristendom og lesing, anten i faste skular eller som omgangsskule, og det siste var vanlegast.
Men der vart motstand mot lova, skulen blei betalen med ein ny skuleskatt, og borna trongs til arbeid på gardane.
Alt i 1741 vart loven endra ved en "Placat", slik at det var opp til kyrkjelydane i prestegjelda å iverksetja skuleordninga."

Etter vel 75 år i drift blei skulen lagd ned i 1967, sjå avisoppslag.

Seinare vart skulebygningen reven, og satt opp igjen på Fredtun leirstad ved Skudeneshavn, der den nå er internat.

Det var formannskapet i Karmøy kommune som 1. juli 1969 ga skulehuset til tenåringsklubben "Langskudd" i Skudeneshavn.

Til Sandhåland skulekrins høyrde borna frå gardane Hemnes, Dyrland og Sandhåland.
Nå går borna herfra på Ferkingstad Skule.  (Lenke virker ikke)
Denne skulen starta opp 16.juni 1959, og hadde  50-års jubileum denne datoen i 2009.

I 1865 var skulekrinsen her annleis: "Hemnæs og Vikre", som var gardane "Hemnæs, Dyhrland, Sandhaaland, Hage og Vikre".

Under krigen 1940-45 var både skulen, bedehuset og fleire bustadhus rekvirerte av tyskerane, sjå dette bildet: Lenke
Då vart elevane førte over til skulen på Langåker.  Men lærar Torvald Svoldal hadde og undervisning heime i stova på Sandhåland.
Skulen og bedehuset på Sandve var og tatt i bruk av tyskerane, her og fekk elevar undervisning heime hos lærar Georg Lie.

Krigen 1940-1945 var vanskelege tider, og nokre miste fleire år av skulegangen desse åra.

Mange born har hatt sin skulegang på Sandhåland Skule, - det kan vera snakk om et tusental (???)

Den obligatoriske 9-årige grunnskulen i Noreg vart endeleg vedteken i 1969.
Men der var prøvedrift nokre stader i landet frå byrjinga av 1960-talet.
Sandhåland Skule vart lagt ned nettopp for å innføre 9-årig skule ved Ferkingstad Skule.
Slikt vedtak var gjort av Kyrkje- og undervisningsdepartementet allereie 21.mars 1963, då dei slo saman Ferkingstad-Langåker med Sandhåland skulekrins.
Folk i krinsen ville at det skulle vera småskule vidare, og skulestyret gjekk inn for det.
Men etter handsaming i fleire instansar vart det i byrjinga på 1966 endeleg vedteke å føra over alle elevane til Ferkingstad, mot at dei som gjekk i småskulen frå 1. til 3. klasse fekk fri skuleskyss.

Les meir her om:

Skuleframvekst i Noreg

Skuleutvikling i Noreg

Leseboka i skulen

Engelskundervising

Om skulehistorie og om lærarar:

Norske Skulefolk 1934

Norske Skulefolk 1 1952

Norske Skulefolk 2 1952