Engelskundervising

Opplæring i engelsk kom fyrst inn i undervisinga i Noreg ved lov frå 1936.

Det var då frivillig å læra seg engelsk, og undervisinga var etter vanleg skuletid.

Ikkje alltid var dei gamle skulemeistrane kyndige i dette språket, - då kunne det bli brukt timelærarer.

Sidan opplæringa var frivillig falt ofte fleire og fleire elevar frå etter kvart.

I siste skuleåret kunne det nokre gonger berre vera ein elev att, som då måtte til Sandve eller Langåker for å delta i engelskundervisinga der, slik at faget kunne bli fullført.

Seinare vart engelsk eit obligatorisk fag.