2022

Medlemsmøte med føredrag, tysdag 6. desember 2022

Statistisk forening i Bergen kallar med dette inn til medlemsmøte med gratis føredrag tysdag 6. desember 2022 klokka 17.00 (rett etter årsmøtet ein halv time tidlegare – sjå nedanfor). Føredraget inngår i møteserien til lokalforeininga, men er ope for alle interesserte, òg ikkje-medlemmar. Studentar er spesielt velkomne.

Etter føredraget vert det pizza og drikke for alle tilhøyrarane som ønskjer det. For å kunna bestilla passande mengd mat og kunna ta omsyn til allergiar/kosthald/matpreferansar, har me påmelding. Ønskjer du komma på føredraget og få gratis pizza etterpå, meld deg på https://skjemaker.app.uib.no/view.php?id=13815365

(Du kan velja å delta anten på berre føredraget, på berre årsmøtet eller på begge delar.)

Tid: tysdag 6. desember 2020, klokka 17.00 (rett etter årsmøtet i foreininga, som er same stad klokka 16.30)
Stad: møterommet Pi i fjerde, fjerde etasje, Realfagbygget, Allégaten 41, Bergen.

Merk at inngangsdørene til Realfagbygget kan vera låste, men me vil då ha nokon til å sleppa inn folk cirka fem minutt før 17.00.

Føredragshaldar er Stein Atle Lie, professor ved Institutt for klinisk odontologi på UiB. Han arbeider òg ved Nasjonalt Register for Leddproteser ved Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk, Haukeland universitetssjukehus.

Tittel:

Død, oppstandelse og konkurrerende hendelser

Samandrag:

Følger man en pasient til død av én spesifikk årsak, vil man ofte vurdere andre årsaker som konkurrerende (competing risks). For medisinske komponenter (som hofteproteser) vil det være tilsvarende. For eksempel kan reoperasjon (utskifting) av en hofteprotese på grunn av infeksjon være en konkurrerende årsak til revisjon på grunn av (aseptisk) løsning av protesen.

I analyse av hofteproteser regner man ofte tid for død avpasienten som en sensurert hendelse. Er dette riktig? Forutsetter det at pasientens død og hofteprotesens varighet er uavhengige? Tilsynelatende enkle antagelser og modeller for competing risks var ikke så enkelt likevel.


Årsmøte for 2022, tysdag 6. desember 2022

Styret i Statistisk forening i Bergen (lokalforeining av Norsk statistisk forening) kallar med dette inn til årsmøte tysdag 6. desember 2022 klokka 16.30 i møterommet Pi i fjerde (https://rom.app.uib.no/romInfo/q.php/308/4E15B), fjerde etasje, Realfagbygget, Allégaten 41, Bergen.

Førebels saksliste:

Alle sakspapir og oppdatert saksliste vert lagt ut på heimesida til lokalforeininga (https://sites.google.com/site/nsfberg/) seinast éi veke før årsmøtet.

Eventuelle forslag til saker som skal takast opp på årsmøtet, må sendast til styret (v/leiar) på e-postadressa karl@huftis.org innan 20. november (gjerne i god tid før).

Sakspapir

Saksinformasjon

Styret for 2021 har vore Karl Ove Hufthammer (styreleiar), Anne Marie Fenstad (sekretær), Bård Støve (kasserar), Geir Drage Berentsen (styremedlem) og Gard Kroken (styremedlem). Revisor har vore Håkon Otneim.

Anne Marie Fenstad har sagt seg villige til å halda fram i styret i 2023 som sekretær, Bård Støve som kasserar, Geir Drage Berentsen som styremedlem og Gard Kroken som styremedlem. Andre som ønsker å sitta i styret er òg velkomne. Send då ein e-post til styreleiar Karl Ove Hufthammer på e-postadressa karl@huftis.org. Det er òg mogleg å lansera sitt kandidatur på årsmøtet.

Styrets forslag til vedtak:

4. Lokalforeininga skal ikkje innføra medlemskontingent.

Referat

Referat frå årsmøtet og seinare referat frå konstituering av nytt styre er tilgjengeleg.


Medlemsmøte med føredrag, onsdag 11. mai 2022

Statistisk forening i Bergen kallar med dette inn til eit litt spesielt medlemsmøte onsdag 11. mai 2022 klokka 17.00. I samarbeid med osloforeninga samlast me i Bergen for å sjå Geir Storviks føredrag «Sequential Monte-Carlo for COVID-19 modelling» på storskjerm, sendt frå Oslo via Zoom – og til å nyta pizza, brus og samvær med medstatistikarar.

Føredraget inngår i møteserien til lokalforeininga, men er ope for alle interesserte, òg ikkje-medlemmar. Studentar er spesielt velkomne.

For å kunna bestilla passande mengd mat og kunna ta omsyn til allergiar/kosthald, har me påmelding. Ønskjer du komma på føredraget og få gratis pizza og brus, send ein e-post om dette til Anne Marie Fenstad på <anne.marie.fenstad@helse-bergen.no> innan utgangen av 10. mai. Sei ifrå om du har diettønske (eks. glutenfritt eller vegetarisk).

Møtet føregår i lokala til Nasjonalt Register for Leddproteser:
Møllendalsbakken 7, 5. etasje
https://osm.org/go/0Rvx~PvAQ--?relation=6305179
(Merk: Ikkje same adresse som tidlegare møte!)

Me vil ha nokon i døra til å sleppa folk inn rundt klokka 17.
Er du sein, bruk ringeklokka eller ta kontakt på ☎️ 472 61 909.

Næraste busstopp er Møllendalsveien (frå/til Bergen sentrum) og Møllendalsbakken (til sentrum frå Bergen sør), buss 12 og 21, men det er òg kort veg å gå frå busstoppet Haukeland sjukehus Nord, som mange bussar køyrer til.

Sjå https://sites.google.com/site/nsfavdoslo/home/temakveld-v%C3%A5r-2022 for meir informasjon om møtet, kopiert inn nedanfor:

Speaker: Geir Storvik
Title: Sequential Monte-Carlo for COVID-19 modelling

Abstract:
The Covid-19 pandemic has required most countries to implement complex sequences of non-pharmaceutical interventions, with the aim of controlling the transmission of the virus in the population. To be able to take rapid decisions, a detailed understanding of the current situation is necessary. Estimates of time-varying, instantaneous reproduction numbers represent a way to quantify the viral transmission in real time. They are often defined through a mathematical compartmental model of the epidemic, like a stochastic SEIR model, whose parameters must be estimated from multiple time series of epidemiological data. Because of very high dimensional parameter spaces (partly due to the stochasticity in the spread models) and incomplete and delayed data, inference is very challenging. We propose a state space formalisation of the model and a sequential Monte Carlo approach which allow to estimate a daily-varying reproduction number for the Covid-19 epidemic in Norway with sufficient precision, on the basis of daily hospitalisation and positive test incidences. The method was in regular use in Norway during the pandemics and appears to be a powerful instrument for epidemic monitoring and management.