Møte

Lokalforeininga har årsmøte kvart år, samt sporadiske medlemsmøter. På medlemsmøtene har me vanlegvis invitert ein føredragshaldar til å presentera eit statistisk tema, og avsluttar med enkel servering (modalverdi: pizza). Møtene er opne for alle interesserte.

Tidlegare møter

Sjå undersidene for informasjon om tidlegare møter. Møteomtalane er tekne frå innkallingar og referat, og er stort sett siterte ordrett (og altså med eventuelle skrivefeil intakt). Merk at møteoversikta ikkje er fullstendig.

Kronologien kan òg verka noko forvirrande. Årsmøter for eit år vert vanlegvis haldne i begynnelsen av året etter året dei omhandlar, gjerne i samband med eit ordinært møte med foredrag. Årsmøtet for 2002 vart for eksempel halde i januar 2003. I oversikta er alle vanlege møte lagt inn på det året dei vart haldne, mens årsmøter vert lagt inn på det året dei gjeld for.