Musekampen er i gang att. I år har eg oppgradert forsvaret med ei elektrisk felle. Den avlivar med 5000volt, og har varsellys og eigen krypt for avliva mus. Den manglar USB-lading, men batteria varar til utrydding av ca 100 mus, så det burde greie seg.
Kampen starta i år på kjøkkenet. Eg høyrde krafsing bak kaffeboksen, og der titta det fram ei noko forskremt mus. Jaha, tenkte eg, no kan fella setjast på prøve. Eg putta i batterier og eit par kladdar med peanøttsmør, slo på høgspenten, og plasserte fella inntil veggen på kjøkkenbenken. Så gikk eg fornøygd til sengs.
Då eg kom inn på kjøkkenet morgonen etter, lyste det grønt i fella. Eg gjekk bort og titta i krypten, og der låg det ei steindau mus. Bra, tenkte eg, no var forsvarsbudsjettet oppe på nivå med NATO. Det vil seia 2% av hushaldsbudsjettet. Då bør ein og kunne kjenne seg nokonlunde trygg på at ein har kontroll på situasjonen.
Det gode humøret vara heilt til eg åpna døra til badet. Der pila det ei mus over badegolvet. Korleis hadde den kome seg inn hit? Dette hadde aldri hendt før. Eg måtte ha gløymt å leta att døra skikkeleg. Det var ikkje anna å gjera enn å hente superfella. Eg plasserte den nede ved badevekta, let att døra, og slo av lyset på badet. Sayonara, kviska eg, og gjekk ned att på kjøkkenet. Etter ein times tid gjekk eg opp på badet att, og som venta lyste det grønt i fella. Dette gjekk jo strålande! Eg tømde fella for muselik, og gjekk ned att på kjøkkenet. Der plasserte eg fella på kjøkkenbenken. Der kunne den få sin faste plass.
Adventsfreden spreidde seg i stova, og med ein kopp kaffi sette eg meg i sofaen for å få med meg dagens nyheiter på TV. Det hadde ikkje skjedd mykje nytt. Det var framleis prat om å halde avstand, bruke maske og unngå stader med mykje folk. Når ein bur aleine i skogen, så blir slike nyheiter litt meiningslause. Brått kvakk eg til. Over hovudet oppe på hemsen høyrde eg små museføter som i rasande fart sprang over golvet. Då måtte vel fella flyttast til hemsen, men eg kom aldri så langt. Musa hadde andre planer. Med eit parkourhopp kom musa ned frå hemsen og landa på golvet ved sida av meg. Det var eit høgt fall. Minst tre og ein halv meter. Ho vart nok litt forbausa sjølv, klatra lynfort opp på sofaen, og gøymde seg i glaskarmen bak gardina. Eg rista litt i gardina, og då for musa ned på golvet att og vart borte under eit skåp lenger borte i stova.
Dette var nok ei mus utanom det vanlege. Her måtte det setjast inn store styrkar. Eg henta den elektriske fella og plasserte den bak TV’en. Så spente eg opp ei gamal musefelle med peanøttsmør på utløysaren, og plasserte den utanfor skåpet der musa hadde gøymt seg. Krigen var i gang, og eg sette meg ned og venta på skarpe smell og grøne blinkande lys. Ingenting hende. Til slutt gjekk eg bort til skåpet for å sjekke fella der. Alt peanøttsmøret var borte, men fella stod like godt! Dette var utan tvil ei mus heilt utanom det vanlege. Eg smurde på nytt peanøttsmør og sette meg til å vente att. Bortsett frå den meiningslause summinga frå TV’en, skjedde det ingenting. Eg tok til å bli trøytt, og gjekk for å sjekke fella att. Svarte helsetrøyer! Peanøttsmøret var borte att! Eg smurde på nytt smør, og gjekk til sengs.
Morgonen etter lyste det grønt. Musa måtte altså gje tapt for høgteknologien. Eg smilde fornøygd, og var glad for at forsvarsbudsjettet var høgda til eit fornuftig nivå. Det hadde vorte fredag, og TV’en baud på skiskyting frå Finland. Eg likar skiskyting, og sette meg ned, klar for å feire norske triumfar med kaffe og sjokoladekake. Mellom stova og kjøkkenet er det ei skyvedør. Den står alltid oppe. Eg har lurt på om dette er eit svakt punkt, der mysene kan koma inn, men har ikkje fått det bekrefta. No var denne døropningen til høgre for TV’en, og medan Johannes Thingnes Bøe låg og skaut dei fyrste fem skota, hoppa ei mus ut frå toppen av skyvedøra og gjekk beint i golvet! Ein sang med litt endra tekst datt ned i hovudet på meg: Halleluja, it's raining mice! Og slik går no dagane.