Kvar haust driv eg musekrig. Eg bur i eit eldre hus som ikkje er heilt tett, og når kulda slær til uti oktober, trekkjer mysene inn gjenom små hol i murar og vegger. Då er det fram med musefellene. Det er ikkje særleg hyggeleg med desse små gjestene som kryp og kravlar overalt, til og med oppe på kjøkkenbenken.
Her ein dag, då eg stod og laga middag, kom det ein grå skugge i rasande fart over komfyren og vart burte bak ei keramikkrukke i hjørnet. Aha, tenkte eg, den skal eg nok få has på. Eg henta ei felle av typen Rapp, og spende den opp med ein bit fersk Ridderost som åte. Så laga eg middagen ferdig, og sette meg i stova for å eta.
Spent lydde eg etter om det kom eit smell ifrå kjøkkenet, men alt var stille. Etter å ha ete middagen, og teke ein liten kvil på sofaen, gjekk eg ut på kjøkkenet. Fella stod der oppspent, men osten var borte! Eg tok til å tenkja på den livsfarlege sporten denne musa dreiv med. Med livet som innsats hadde ho ete opp osten bit for bit. Den minste feilberekning, og stålfjøra hadde smelt til over nakken! Ja ja, tenkte eg. Det gjekk bra denne gongen, men neste gong er du ferdig.
Eg henta ein ny bit av Ridderosten og ladde fella på nytt. Utover kvelden var eg innom kjøkkenet med jamne mellomrom og såg til fella, men ost og felle stod som før. Eg gjekk og la meg, i trygg visse om at natta og mørket ville føre til fatale konsekvensar for musekreket.
Morgonen etter hadde eg gløymt heile musejakta og sat og høyrde på Dagsnytt i stova. Då kom det brått ein svak lyd frå kjøkkenet. Det høyrdest ut som små klør som skrapa bort i ei hard overflate. Jasså, du har overlevd, tenkte eg. Men no visste eg at ho var like i nærleiken av fella, så eg tenkte det var best å vente litt med å sjå etter. Kanskje var det like før det small? Eg sat spent og lydde, men krafsinga held fram, og ingen smell kom.
Til slutt måtte eg ut på kjøkkenet for å sjå etter. No var det stilt. Ikkje ein lyd. Korleis var det med fella tru? Osten var borte att! Endå ei gong hadde fillemusa reinska fella for ost. No skjønte eg at eg hadde med ei spesiell mus å gjera. Rett og slett ei ekstremsportmus! Ei mus som rett og slett heile døgnet var ute etter å skaffa seg adrenalinkick. Kvar var ho no tru?
Der høyrde eg lyden att. Den kom frå hjørnet inne på kjøkkenbenken der keramikkrukka stod. Oppi den hadde eg eindel sleiver, steikespader og ei ganske lang tretvare. Eg titta rundt, men ingen mus var å sjå. Der kom lyden på nytt, og no oppdaga eg musa! Ho hadde klatra opp på krukka og vidare oppover tretvara. Der hadde ho hoppa over til kanten av ein stor blomstervase med rette kantar som var om lag 40 cm høg. Balansekunsten på toppen av blomstervasen hadde gått gale, og no sat musa fortvila i botnen av glasvasen, og prøvde av og til, med spenstige hopp, å nå kanten 40 cm lengere oppe. Det gjekk dårleg.
Men kva skulle eg gjera med denne atletiske musa? Nærkamp var eg ikkje særleg interessert i, det kunne bli stygt. Eg bestemde meg for at det beste var å sleppa musa fri utandørs, så eg tok glasvasen ut på verandaen, og i eit litt brutalt kast førde eg vasen over hovudet og fram. Musa for ut av vasen i ein boge og landa eit par meter borte i 40 cm nysnø. Det var det siste eg såg av ho, men det er vel fare for at vi kjem til å møtast att, dersom ho ikkje syntes at dette var nok ekstremsport for i år?