På Humor Galeien 12/10 2019 presenterte Nysetlifolket sine nye dikt som diverre vart refuserte på Lyrikkfestivalen i Ulvik. Vi synes likevel at dikta bør presenterast i skriftleg form, og med løyve frå Knut Nysetlien trykker vi dei difor her.
Stev
Eg dusja åfto i Kulufossen
i friske vatnet som kjem frå åsen.
Då bi no rauve so fin og kvit,
det burde vore mange mange fleire som kommo hit.
Eg kjøpte hermetikkmat te katten
og sjål for meg æ dæ beste maten.
Whiskas te dugurds og Kitkat te kvelds
Både eg og katten ha fått blankar pels.
Ungkarsfestival i Suldal.
Soli glader, svartum nattum,
førkjer flyg med bleike tattum.
Kjell i kjaken kjærleg kjende stufsestraumen.
Lavvo likkrar,
telta tumlar,
lufta kvin av øsen andpust.
Bøfføtt jaktar gut i myra,
søla skvett på nakne legger.
Sneisne jenter syg og slafsar strøykjen bykar.
Hu og hei og hopp i bakken.
Kåte kast og sprett med nakken.
Magen mettast må med råjukk.
Signe takk for denne dagen!
Stølsdikt.
Sulilei i mjålkebua.
Ost te oss og gras te kua.
Saup i spann og prim på hylle,
ystillsoll og kanskje dylle.
Lufte æ so kald og frisk,
skuffe møk og rive brisk.
Rumme, såll og gode saker,
runde søte små kvikaker.
Binde kahlegras te tugu,
reint dæ bi i fjøs og stugu.
Renne rundt på rando nakjin,
stølsliv, nei dæ finst ’kji makjin.
Lausdikt
Feleljom og sveitte kara
rundt i ring på golvet fara.
Lette springsteg, tøk og tempu
tøygjer tøy i saum og hempu.
og då må’ru tøygji strikken
so ’ru kjenne ’re i haso.
Nakkesprett so mjuk i skrotten,
spenst i fot og kvek i knotten.
Gå på hendo, hoppe helde.
Hallingkraft i all si velde.
Vrangt dæ’æ å danse kruken
brokji stramma godt rundt rauve.
Likast æ no hallingkastet,
dæ’æ støtt dæ siste faste.
Jenta står med stav i hatten,
guten fyk te værs som katten.
Hatten flyg og jubel brusa,
kvinnfolk kjenner sting i bringa.
Kontrast
Småruta stoveglas
glor glødande
mot neonlyn frå byen.
Kvite ulvetenner
glefser
mot stakkarslege veskehundar.
Sterinlyset
Sterinlyset brenn og dryp
Logen står og blafrar
Sterinlyset brenn og dryp
Set seg fast i duken.
Hunden min
Hunden min han seier vov
Lyder namnet Molotov
Hvis eg gjev han coctailbær,
blir han sikkert stor og svær.
Likast i livet
Likast i livet er dylle og prim
Verre tykkjest meg djupsnø og rim
Kaldgraut æ ’kji so verst for ein slaur
Verre æ’re med mehank og maur
Toppen av alt æ hugleik på staur.
Navlen min
Navlen min er rund og fin,
like djup som navlen din.
Vi har navle båe to
Somme gonger full av lo.
Frokost
Kniven skjær i gamalt brød
Skjær so fin ei skive
Uppå brødet sit det frø
Slik æ frokostlivet.
Grauten
Grauten æ ein trugen ven
Mettar godt i magen
Æt du graut so bi ’ru pen
Slik æ’re med den sagen.
Soloppgang
Ååå du allstyrendes for flotte, fine soloppgang
Eg trur eg trygt kan starte denne dagen med ein sang.
Der kom eg på ein sang som har den muntre, lette tonen.
Så syng eg glad om toga som står nede på stasjonen.