likevel

Likevel

 

Du  budde i eit himmelslott,

Du hadde alt du trong.

Alle rundt deg elska deg

Du høyrde englesong!

Likevel så sa du ja

til å fødast i ein stall

der ei enkel mor og hennes mann

var trufast mot sitt kall.

Gjetarar frå marka kom

for å helsa på deg der.

Bodskapen dei høyra fekk

frå ei englehær.

Ver ei redde, høyr dei ord

om ei glede som er stor

i Davids stad, der er det fødd

ein frelsar til vår jord.

Du kom for å frelsa det

som fortapt var.

Då du gjekk den tunge veg

då du korset bar.

Du visste kva som venta deg

då du kom til jorda ned

på denne mørke, vonde jord

skulle gå din veg.

Likevel så sa du ja

til å fødast i ein stall

Heile vegen var du like

trufast mot ditt kall.

Du gjorde det for meg!

Han gjorde det for deg!

Han gjorde det for meg!

Han gjorde det for deg!

                                                       gk’ 26.02.07

© all rights reserved to gk