einedelstein

Ein edelstein

 

Ein edelstein

 

Ei sjel speglar seg i ei anna

Ein tanke går frå panna til panna

Eit hjarte slår og søkjer å finna

Venen sin som han ynskjer å vinna

 

Med eit augekast har du fanga meg,

ynskjer berre vera hjå deg,

ynskjer dele kjensler, tankar og ord

som i djupet av hjarta bor

 

Ord vert spurt, svar vert sagt mellom to

Hjarte gleder seg, og fell til ro

Ei naken hand vert pryda med ein edelstein

Ho er så fin, så vakker, så rein.

 

Med eit augekast har du fanga meg,

ynskjer berre vera hjå deg,

ynskjer dele kjensler, tankar og ord

som i djupet av hjarta bor

 

Lovnad har dei kvarandre gitt

No skal alt delast likt om likt

Same kor livet artar seg

Skal de vandra same veg

 

Med eit augekast har du fanga meg,

ynskjer berre vera hjå deg,

ynskjer dele kjensler, tankar og ord

som i djupet av hjarta bor

 

                            

                                               gk’ 25.07.07

© all rights reserved to gk