Frå kraftstasjonen på Amundstølen kan du følgja restane av røyrgata opp i lia, ein ca. 20 min. Undervegs finn du framleis restar etter både røyra og løypestrengen som vart nytta. For ikkje å snakka om at det også er lagt inn "trappetrinn" fleire stader undervegs. Alt saman vart gjort med handamakt.
Stølsutviklar Tore Økland på plass ved Skarstjødnet. (Foto: Knut Rage)
Vel oppe kjem du til den nedste demninga, som no ligg der nærast som ei myr. Her kan du tydeleg sjå demninga. Nedanom finn me også framleis ventilen, som i dag ikkje er til å rikka.
Herfrå følgjer du stien innover langs myra til du kjem til skiltet som viser veg opp til sjølve hovuddemninga ved Skarstjødnet.
Frå Skarstjødnet kan du gå vidare til Ragnhildsteinen og ned att på Gjerstad. Ein flott tur som normalt kan gjerast på ein times tid. Men ta deg tid!