Helge Storetvedt framfor det gamle turbinhjulet frå kraftstasjonen i Blåfalli i Kvinnherad, der han gjekk si læretid. (Foto: Knut Rage)
Helge Storetvedt er ein av veteranane når det gjeld utbygging av kraft i Tysnes på 1950-talet. Men alt lenge før den tid vart han engasjert i det spennande eventyret som elektrisk straum var den gongen. Som 13-åring, i 1936, var han med som hjelpegut då Olav Helland tok til med utbygginga av demningane til Våge Lysverk. Her fortel han om denne tida i eit intervju med Knut Rage seinsommaren 2010, supplert med tilleggsoplysningar i samtale med Tore Økland rett før jul 2013.
- Olav Helland hadde vore i Amerika og kom heim att. Det var dårlege tider, det var jo i 30-åra dette her, og bygde dette kraftverket. Då var han gift der borte og hadde visst kona med seg, og reiste bort att når han hadde fått det i gong. Han hadde vore i Amerika før òg, men som sagt, det var dårlege tider der borte. Så då styrte han gjennom brørne sine, Leif Helland og broren Harald.
- Hovudgrunnen til at dette kraftverket vart bygd trur eg var at Harald Helland skulle laga møbelfabrikk. Difor kan du seia at heile familien var med i prosjektet. Det var vel eigentleg Leif Helland som var den som var mest inne i det. Men Olai Granhaug, han var den som passa kraftverket heile tida, som driftsstyrar. Sjølvsagt i samråd med Leif Helland. Olai'en var ein tusenkunstnar. Andor Tvedt var konsulent dersom noko gjekk gale teknisk.Han var utdanna i Tyskland, men var ikkje i fast jobb.
- Straumen var vel sånn vippestrøm... eg meiner, sånt som slo seg ut. Det var vel ikkje så stort forbruk folk kunne ha?
- Nei, hehe. Det var så mykje som skjedde. Til slutt, så vart det overbelastning. Dei kopla så mange på. Nedslagsfeltet var for lite i forhold til det dei leverte. Dei gjekk tomme for vatn, og stoppa av den grunn. Forbruket var for stort.
- Men korleis kunne dei gå tomme for vatn?
- Stemmo gjekk tom. Jaja, det var no rett som det var, det. Og så trur eg dei stengde om natta. Då var det Olai'en som var opp og ned, opp og ned. Det var ikkje alltid, men ofte måtte han opp og regulera stemmo. Det var ikkje småtterier å regulera på den ventilen der oppe. Byrja det regna så var det å springa opp og stengja igjen. (Ler lenge). Men så hadde dei ei plaga, det var om vinteren når vatnet fraus i trerøyrene, då var det å bora hol i røyrene og putta salt i... nei, det var eit sirkus utan like. Og ein gong brast demningen. Då demningen rauk var Leif Helland nedom Kleivo då han høyrde vatnet koma. Han sleppte det han hadde i nevane og berga seg så vidt. Ei eldre dame i bygda sa det slik: »Stakkars Leifen som misste vatnet sitt.» Flaumen delte seg i to då den var ferdig med Kleivo.
- Kva brukte folk straumen til? Belysning?
- Ja, det var til koking òg. Me fekk ganske snart komfyr. Men det var ein gammal magasinkomfyr som lada seg opp om natta. Og fabrikken til Harald Helland tok jo halve kraftverket, kan du seia, når den gjekk for fullt. (Pause) Du veit, eg hugsar så godt turbinen, den hadde 70 hk i forhold til fallhøgd... Etter mitt begrep var det Eversvik'en i Bårdsund (Hans Eversvik) som fekk støypt han. For eg hugsar at bror min var litt med på det, dei slipte til skovlene som er brukt på sjølve løpehjulet. Om Eversvik'en lagde regulatoren òg, som er eit stort instrument, det veit eg ikkje heilt. Kanskje det var brukte ting òg. Men kraftverket i sin heilhet, det var eit standard kraftverk. Det har dei laga mange av. Dei laga både større og mindre, eg har sett nede i 4 kw på det minste, på Dale kraftstasjon. Nett same sorten. Men Eversvik'en var no den som monterte i alle tilfeller, det er no heilt sikkert. Han var frå Evesvikjo i Bårdsund. Han hadde laga seg eit verkstad der, hadde dreiebenk og alt mogleg. Ein tusenkunstnar. Eversvik'en laga også regulatoren, eller dinamoen som me sa. Den regulerte omdreiningane godt. Dinamoen var kjøpt brukt og det var ein kompauldinamo som sytte for spenningsauke.
- Kva med sjølve demninga?
- Ja, når det gjeld den store stemmo, som er murt opp av stein, med støypt plata på framsida, inn mot vatnet, så var det Mikal Olai Legland frå Reksteren som stod for den jobben. Og bror min, som var med på å heisa opp sement, han hadde 25 øre timen.
Helge Storetvedt framfor restane av kraftstasjonen på Gjerstad. (Foto: Knut Rage)
Helge tek fram ein konvolutt. - Her skal du sjå eit viktig dokument. Kraftverket står på leigd grunn. Og leiga var gratis straum til tre jordbrukarar. Og det var Gunnar Gjerstad, Brynjulf Utne, postmannen, og så var det Mads Gjerstad. Og då Olav Helland forhandla med desse om kva dei skulle ha i straum, hehe, då forlangde Brynjulf Utne 16 kw, det var jo ein tredjedel av kapasiteten. I røynda var det jo eit par kilowatt han skulle ha. Men folk den gongen hadde ikkje heilt forstand på kva det var.
Turbinen på kraftstasjonen. (Foto: Knut Rage)
- Mens dei arbeidde på stasjonen, så trur eg dei jobba med stemmo òg, for det var meir arbeid, altså sjølve kraftstasjonen... så alt gjekk trur eg parallellt. Like eins røyrgata, eg trur den òg var bygd parallellt. Den kom frå Danmark. Det var trerøyr som vart smurt med kreosot. Men dei røyrene som ligg der no, dei er nyare. Og linjene byrja dei på ganske tidleg òg. Og på linjearbeidet, der var det ein i frå Beltestad, han heitte Beltestad, som var sjef. Og Anders Gjerstad... Beltestad hadde vore telefonarbeidar i Amerika. Han hadde med seg spesialsko derfrå som folk ikkje hadde sett her på desse kantar. Og Anders han var litt smed frå før av, så han smidde seg same sorten.
- Då gjekk straumen altså ut til Teigland?
- Nja, til å byrja med gjekk den ikkje så langt. Dei hadde heller ikkje i Våge, i byrjinga. Eg trur det var Gjerstad, stort sett, det byrja med. Like til oppunder krigen var folk kopla på. Det hugsa eg, for bror min installerte i nokre hus då. Han var ikkje heime, han budde i Odda då, men han tok det i ferietida. Abonnentane, det var frå Knepet til Kringsjå på Gjerstad. Det var koparleidningar. Dei var spunne. Det var vaier, ja. Det var to midtfaser og ein ytterfase, den var tynn. Det var sånn at det var 220 volt mellom den ytre fasen og midten, på begge sider, til saman så var det då 440 volt. Det var eit system som var brukt mykje.
- Blei sanden heist opp til nedste stemmo, då, og boren vidare?
- Nei, stasjonen låg over den nedste stemmo, og så var det trillebår ned til den. Det var berre flato som vart støypt, etter det eg hugsa.
- Kan stasjonen ha vore oppe ved stemmo, på haugen der?
- Ja, til venstre for stemmo. Det vil sikkert finnast nokre bolter i fjellet.
For å frakta utstyr opp brukte dei løypestreng, fortel Helge vidare. Den vart driven av ein 2hk bensinmotor. Når arbeidet var slutt for dagen, fekk Helge styra motoren medan Leif og Harald heldt orden på taua. Harald sleppte han tidleg til med maskinane på møbelfabrikken. Det også var stort. Helge Storetvedt skulle koma til å jobba heile sitt vaksne liv med kraftforsyning, det meste av tida på kraftstasjonen på Langeland, Onarheim.
Røyrgata slik me ser han i dag. Opphavleg var det trerøyr. (Foto: Knut Rage)