Den øvste demninga ved Skarstjødnet den tida ho var i drift og samla opp mykje vatn. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes)
Våge Lysverk i Våge på Tysnes vart etablert i 1934 av sivilingeniør Olav Helland. Han var ein av dei mange arbeidslause på 1930-talet, men hadde det pågangsmotet som skulle til for å skapa si eiga verksemd. Dermed planla han eit kraftverk av atskilleg større dimensjonar enn det som hittil hadde vore vanleg i kommunen.
Helland prosjekterte ei utbygging av Gjerstadelva og fekk anlagt ei røyrgate til Amundstølen der kraftstasjonen vart bygd. Her vart det montert ein likestraumsgenerator på 46 kw, og strekt liner kringom i Tysnesbygda. Det var ikkje noko dårleg kraftverk, men det hadde sjølvsagt sine minussider. Etter kvart som straumforbruket auka og nye abonnentar kom til, og ikkje minst i periodar med kulde og turke, kunne det snart bli mørkt i heile bygda. Likevel må ein ha lov til å seia at Tysnes Lysverk representerte ein revolusjon i høve til kva ein hadde hatt tidlegare.
Men lysverket leverte ikkje straum til alle, og heller ikkje med god nok spenning, så då Tysnes Kraftlag tok til å levera straum i sjølve Våge gjekk det ikkje lang tid før Tysnes Lysverk var ein saga blott. Den vesle kraftstasjonen med turbinen og generatoren vart ståande på Amundstølen i mange år, men er no til nedfalls. Ein kan framleis sjå restane av røyrgata oppetter lia. Det var så varmt den sommaren då dei la opp røyrgata at dei måtte jobba om natta. To mann måtte bera dei tunge røyra på plass opp til demninganlegget. Det må ha vore eit slit utan like.
Demninga ved Skarstjødnet i dag. (Foto: Knut Rage)
I dag er generatoren på kraftstasjonen prega av tidens tann. Det har teke til å bli nokre år sidan det sist var drift her. (Foto: Knut Rage)