Barneskule

Behov for noen å snakke med?

Dersom dere strevar heime og treng meir hjelp, ta gjerne kontakt med oss:

  • Helsestasjon
    Telefon: 56 12 20 30
    Opningstid: måndag-fredag kl 09.00-11.30 og 12.00-14.00
    På helsestasjonen jobbar helsesjukepleiarar, pedagogar, psykiatrisk sjukepleiar, psykologar, familierettleiarar, rådgjevarar m. fl.

  • Barneverntenesta
    Telefon: 55 09 71 40
    Opningstid: måndag-fredag kl 08.00-15.30

  • Barnevernvakta - Ved behov for akutt hjelp
    Telefon: 974 00 734
    Opningstid: kveldstid og helg

  • PPT
    Telefon: 56 16 02 00

Mellom 12 og 15 Måndag - fredag

Oppvekst Øygarden kommune

Fjernundervisning

I Øygarden kommune får dei fleste elevar anten ein dagsplan eller ein vekeplan. Det er lagt opp til ei kjernetid for skulearbeid frå ca 9 - 13 (med individuelle forskjellar frå skule til skule). Kontaktlærar skal ha kontaktpunkt med elevane kvar dag (skriftleg eller munnleg). Dei fleste klassene i kommunen er digitale, der vil denne kontakten skje på dei plattformane elevane til vanleg arbeider på. For "ikkje digitale" klasser vil SMS, telefon og e-post vere hovudkontaktform. Ta kontakt med din lokale skule og ditt born sin kontaktlærar ved spørsmål.

Hovudfokus ligg på faga norsk, engelsk og matematikk. Elevane vil også få oppgåver i andre fag der det høver. Hjelp bornet ditt å ta pausar og å gi avbrekk om det ikkje ligg inne i opplegget. For at fjernundervisning skal fungere er vi avhengige av eit godt skule-heim samarbeid. Gi beskjed til læraren om bornet er sjuk eller av andre årsaker ikkje er i stand til å gjere dei utdelte oppgåvene.

Fjernundervisning er nytt for oss alle, men saman skal vi få det til!

Tips til føresette om heimeundervisning (bokmål)