Vi ønsker å sjå ei endring i klasseromma i tråd med farfornyinga. Ei endring der elevane er aktive i sin eigen læringsprosess. Vi ønsker ein skule for alle elevar, der alle skal finne sin plass og oppnå motivasjon, meistring læring. Vi ønsker at lærarane skal ha ein tryggleik i til ein kvar tid velje dei verktøya dei treng, analoge eller digitale, for at elevane skal oppnå mest mogleg motivasjon, meistring og læring. Vi ønsker lærarar med vågekompetanse, som tørr å misse fotfeste for å prøve nye ting
Kompetanseheving på pedagogikk og verktøy. Gjennomgå ei endring i pedagogisk tankesett som gjer at lærarar faktisk ønsker å endre etablert praksis.
fordi samfunnet vårt er i endring, og vi som skule må henge med. Elevane våre fortener ein skule som møter dei der dei er, og som klarer å tilpasse den enkelte sine behov. Vi må alltid strebe etter å bli betre, sjølv om mykje av det vi gjer er bra.