Peddig står for pedagogisk digital gruppe. Gruppa består av representantar frå barnehage, barneskule, ungdomsskule, vaksenopplæring, PPT, IKT-drift, Tryggleik og Utvikling. Denne gruppa vart laga som eit ledd i harmoniseringa av ny kommune, og har representantar frå alle dei tre gamle kommunene. Representantane frå skule er lærarar som står i klasserommet med førstehandskunnskap om kva som skjer der.
Det er fleire grunnar til at innkjøpa vart sentraliserte:
1) Harmonisering mellom dei gamle kommunene
2) Ny læreplan
3) GDPR
4) Innstramming på innkjøpsrutiner og rammeavtalar
Mål: digitale verktøy/læremiddel som er med å hjelpe den enkelte lærar og elev til å møte krava i fagfornyinga og i ny læreplan, LK20.
Dei fleste av verktøya/læremidla som er kjøpt inn er enten fagovergripande eller fagverktøy som kjem innanfor kriteria under:
Kreativitet – aktive elevar.
Fokus på forståing og prosess – ikkje spørsmål/svar.
Omvendt undervisning.
Fokus på omgrep, kompetansebygging og djupnelærande elevar
Det er viktig at ein brukar pengar på læremiddel – at det ikkje blir opp til den enkelte lærar å finne lærestoff.
Svaret er todelt.
For det første er dei fleste bøkene ikkje er ferdig enda. Den nye læreplanen vart vedtatt i november 19. Dei fleste forlag jobbar på spreng med å få ut bøker, dei fleste har berre ferdigstilt bøker for nokre få trinn. Skulle vi kjøpt bøker til skulestart, hadde vi måtte kjøpt det som var klart, utan ei profesjonsfagleg vurdering. Å kjøpe dei einaste og første bøkene på marknaden, kan lett vise seg å vere å kjøpe katta i sekken. Det er viktig at skulane brukar dette året på å hente inn vurderingseksemplar i fag der ein ønsker bøker (det er ikkje gitt at ein skal ha bøker i alle fag, men elevane bør på sikt ha tilgang til bøker i enkelte av faga)
For det andre er bøker mykje dyrare enn lisensar. Skulle vi kjøpt bøker for same sum som vi har brukt på digitale ressursar hadde vi enda opp med ca ei halv bok pr elev, og knapt nokon digitale ressursar/supplement Ei fysisk lærebok kostar ca 600 kr.
I innkjøpsprossesen var ein oppteken av å kjøpe eit fagovergripande verk etter ny læreplan. Økonomisk veit ein at ein ikkje får kjøpt inn læreverk (analoge og digitale) til alle fag på same tid. Mange av læreverka er heller ikkje ferdige. Det er difor viktig å kjøpe inn eit supplement som lærarane kan bruke saman med dei gamle bøkene/ ressursane som ligg ute på nettet for å oppfylle ny læreplan. Innkjøpsreglementet seier at slike store innkjøp kan ein ikkje gjere utan å hente inn tilbod frå minst tre tilbydarar. Vi sette ein del kriterium som vi sendte ut til Gyldendal, Cappelen Damm og Aschehoug.
i. Skal dekke alle fag
ii. Kan stå åleine, utan bøker og tilleggsressursar
iii. Skal vere tilgjengeleg på alle trinn
iv. Fokus på tverrfagleg tema
v. Fleksibelt for lærar
vi. Omvendt undervisning
vii. Adaptivitet i matematikk
viii. God oversikt over den enkelte elev
ix. Tilpassa lesing
x. Pris
I tilboda vi fekk var Skolen suveren på pris, og det einaste som var tilgjengeleg på alle/ dei fleste trinn. Etter innkjøpsreglementet måtte vi difor velje Skolen framfor dei to andre. Det at ein opplever Skolen som uferdig, er kanskje litt av grunnen til at vi faktisk hadde råd til å kjøpe dette.
Salaby er laga etter gamal læreplan. Der er mykje innhald, men dette er ikkje laga til den nye planen. Når vi gjekk ut på konkurranseutsetjing til dei store forlaga var Salaby ein del av pakken til Gyldendal som tillegg til det som er laga til den nye læreplanen. Vi har dessverre ikkje økonomi til både Salaby og Skolen kommunalt. Skulane står fritt til å kjøpe lisens sjølv.
Sjå over. Multi Smart Øving var ein del av Gyldendal sin pakke, som ikkje vann fram i konkurranseutsetjinga. Multi Smart Øving er også eit veldig dyrt verktøy til å berre vere eitt av fleire element i eit verk. Når vi i tillegg då vidareførte avtalen med Kikora - som arbeider med fullstendig læreverk i matematikk, var der ingen grunnlag for å vidareføre MSØ. Skulane står likevel fritt til å kjøpe lisens sjølv.
Innkjøpsprosessen før dette skuleåret var ein harmoniseringsprosess. Dei tre kommunane har hatt ulike måtar å gjennomføre innkjøpa på. Nokre opplever difor at ein har mista ting ein hadde, andre at ting har blitt vidareført. I tillegg er det ny læreplan i år. Mange av verktøya/programma ein saknar, er etter gammal læreplan. Desse vart ikkje vurdert kjøpt inn av gruppa, men kan kjøpast inn av den enkelte skule. Ny læreplan gir (dessverre) meirarbeid, med nye ressursar, nye arbeidsmåtar og nye kompetansemål for elevane. Den nye læreplanen fordrar ein aktiv elev, difor har vi prioritert verktøy der elevane er i aktivitet for å oppnå kompetanse og djupnelæring.
Vi er inne i ein prosess der vi jobbar med ein god plan for involvering og informasjonsflyt. Mykje av frustrasjonen dette året kan vi føre tlbake til dette med informasjonsflyten. Sjølv om ein ønsker meir involvering er det viktig at vi har stabilitet i den fellespakken som skal ut på skulane. Det tek tid å lære seg nye verktøy og å bruke dei på ein god pedagogisk måte. Spørsmålet vi må stille oss er då korleis ein kan sikre både lærarprofesjon, stabilitet, innkjøpsreglar, gdpr og økonomi? I tillegg til fellespakken frå kommunen vil skulane ha sin pott med pengar til undervisningsmateriell. Kva desse pengane blir brukt til er opp til den enkelte skule/rektor.
Nei! Skulane står fritt til å kjøpe inn dei lisensane/bøkene/eingongsbøkene/kladdebøkene/konkretiseringsmateriell dei vil og har økonomisk ramme for (sett vekk frå innkjøpsstoppen akkurat no), så lenge dei følgjer kommunen sine rammeavtalar og lista over GDPR-godkjende verktøy (desse finn de under Verktøy: Innkjøp). Skulane kan difor sjølv kjøpe Minecraftlisensar, tavleressursar, digitale bøker, fagspesifikke verktøy og liknande.
Verktøy/ressursar/appar/tillegg som IKKJE er godkjende, skal IKKJE brukast! - bruk skjema på innkjøpssida for å melde inn behov
Vi jobbar med å få til ei intern kursrekke over jul med webinar på ulike verktøy og tema. Gi gjerne tilbakemelding om du sit med kompetanse som andre kan få nytte av. Erfaringsdeling er mykje av nøkkelen for å lukkast, både kommunalt og på den enkelte skule.
Headset, konkretiseringsmateriell, supplement av lisensar, eingongsbøker, kladdebøker, tavleressursar og lærebøker/digitale bøker.
Kvar eining bør ha ein diskusjon og oversikt over korleis ein ønsker å prioritere når det gjeld innkjøp. Det er sjeldan at økonomien strekk til for å dekke alle ønsker. Eit innkjøp vil dessverre alltid gå på kostnad av noko anna. Det er mange spørsmål ein må stille seg. T.d: I kva fag treng vi fysiske bøker og kva fag klarer vi oss med digitale lisensar? Treng vi bøker til alle elevane, eller er det nok med klassesett? Treng vi eingongsbøker, eller kan ein enkelt spare inn denne utgifta (hugs at dei ikkje er lov å kopiere frå eingongsbøker)?