Påmelding: https://forms.office.com/e/rQc66g6TgP (påmeldinga er enda open!)
Alle må hugse å ta med PC eller nettbrett til workshops. Hugs også å ha prøvd å logge inn på førehand om du veit kvar du skal gå og har tilgang til programmet.
Alle deltakarar skal ha namnekort/deltakarkort. Desse er sortert etter fornamn. Om du er vikar/ er sendt i staden for nokon - må du finne kortet til den du vikarierer for og endre namn til ditt eige. Registrering er ved inngangen/gangen mellom bibliotek og gym/allrom. Inngang på plassen ved overbygget ved flaggstang.
Skaparverkstaden vår er open fram til workshoprunden startar. I lunsjen vil der vere elevar tilstades til å vise fram utstyret vi har.
Vi har valt å dele opp lunsjen og legge den som parallell. Lunsjen går over ein time, den første halvtimen er det Lene Østli frå NAFO som er parallelt med lunsjen og utstillingar. Den andre halvtimen er det Livepodcast med Lektor Lomsdalen og dei fleste av foredragshaldarane våre. Det er mogleg å gå for å hente seg mat, for så gå tilbake i plenumssal for få med seg begge innlegga. Lunsj blir baguettar og wraps. Hugs å gi beskjed om allergiar om dette ikkje allereie er gjort.
Det blir sal av (kald) brus under konferansen
Parkering er alltid ei utfordring, så vi oppmodar til samkøyring eller buss. Forslag til kva buss de kan ta finn de her.
Det vil også vere mogleg å parkere på Knappskog vel sitt område ved Hedlo/Grotvika: