Krokedalen barnehage

Vi vil - Vi kan

Omsorg, meistring og glede


OPNINGSTIDER:

MANDAG -FREDAG

KL 07.15-16.45

Om oss:

Krokedalen barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage som er organisert som eit samvirke.

Vi er fordelt på tre avdelingar; ei storbarn med barn i alderen 3-5 år, ei småbarnsavdeling med barn i alderen 0-2 år og ei avdeling med barn i alderen 0-5 år. Alle avdelingane er delt i to baser i kjernetida.

Barnehagen opna august 1988 . Barnehagen heldt då til i eit koseleg, raudt hus og hadde ei avdeling. Etterkvart vart barnehagen riven og igjenoppbygd og november 2012 kunne vi opne dørene igjen til ein ny og moderne barnehage.

Vi ligg sentralt i Ørsta med godt tilgang til natur og fine turområde. Vi har også vår eigen skog, Joridskogen, som vi brukar veldig mykje.

Krokedalen barnehage er saman med dei andre barnehagane i kommuna med i eit utviklingsarbeid som heiter inkluderande barnehage-og skulemiljø. Dette utviklingsarbeidet er eit ledd i satsing frå myndigheitene på å skape trygge, gode og inkluderande barnehage- og skulemiljø og for å bekjempe, avdekke og handtere mobbing. Og skape eit godt miljø for barn uansett kva føresetnadar dei har.

Carousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel imageCarousel image

Barnehagen vår i bilete - tatt av

Frank Skare Photography

Facebook