Krokedalen barnehage

Vi vil - Vi kan

Omsorg, meistring og glede


OPNINGSTIDER:

MANDAG -FREDAG KL 07.15-16.45

Om oss:

Krokedalen barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage som er organisert som eit samvirke.

Vi er fordelt på tre avdelingar; ei storbarn med barn i alderen 3-5 år, ei småbarnsavdeling med barn i alderen 0-2 år og ei avdeling med barn i alderen 0-5 år. Alle avdelingane er delt i to baser i kjernetida.

Barnehagen opna august 1988 . Barnehagen heldt då til i eit koseleg, raust hus og hadde ei avdeling. Etterkvart vart barnehagen riven og igjenoppbygd og november 2012 kunne vi opne dørene igjen til ein ny og moderne barnehage.

Vi ligg sentralt i Ørsta med godt tilgang til natur og fine turområde. Vi har også vår eigen skog, Joridskogen, som vi brukar veldig mykje.

Krokedalen barnehage er saman med dei andre barnehagane i kommuna med i eit utviklingsarbeid i samarbeid med firmaet Ringer i vann. Dette utviklingsarbeidet skal heve kvaliteten i barnehagane, blant anna ved å skape gode skriftlege rutiner for vårt arbeid.

Facebook