Suldal
Bygdelag Suldalslaget ble stiftet i 1924 i Canton, Sør-Dakota.
"Paa Suldalsfanen malte jeg et gjilt motiv med Suldalsporten i bakgrunden og et brudefølge roende paa vandet". (ref. kunstneren Bernhard Holgersen).
Fanen ble oppbevart i Nord Dakota hos David Wayne Nelson i Grand Forks. David er nå pensjonert fra stillingen som "District Court Judge".
På bildet til venstre er det hans to sønner Matt og Steve og barnebarn som viser fram fanen.
Kona til David Wayne Nelson heter Sherri. Hun er barnebarn av Mikkel Tornes f. 1875 og Ragnhild Bratland f. 1885. Mikkel og søsteren Brita kom til Amerika i 1898.
Den ene sønnen deres er Odd, eller Ed.
Olav Veka har kontakt med familien og forteller at fanen er i god stand 100 år etter visningen i 1924 i Canton, Sør-Dakota, av Leif Thorness. Den oppbevares i den originale trekassen. Under er fanens bakside vist. Fanen er nå i Suldal. Les artikkel i Suldalsposten 31. august 2022 om fanen.
I boken "Suldal Wisconsin" av Jon Moe er det, på side 187, to bilder av Suldalsfanen. Det første tatt i 1922 før avsending fra Norge. Det andre fra et Stavanger Amtslag stevne i Sør Dakota i 1961. (se link til FB)-
Fane fra Suldal er nevnt i en artikkel i Stavanger Aftenblad 17 september 1932 ( har du abonnement i Stavanger Aftenblad kan du søke fram artikkelen i historisk arkiv).
"Der var faner blandt annet fra Nerstrand, Rannaberg, Bokn, Suldal, Sandeid, Finnøy, Fogn og Talje, Hjelmeland, Årdal i Ryfylke, Sand, Høgsfjord, Karmay, Rennesøy, Skjold, Håland, Sandnes, Jelsa etc.
Og omfattes disse faner med interesse?
Man vilde ikke ha stilt det spørsmål om man seiv hadde vært til stede og sett. Eksempelvis kan anføres om Suldals-fanen, som har motiver fra Suldalsporten og Øvre Suldal. Man diskuterte de to motiver. Øvre Suldal motivet viser kirken og en del av kirkegården. En mann som og betraktet gjengivelsen sa plutselig betatt: "Der ser jeg sannelig til og med gjengit den grav hvor bestefar ligge begravet." Og en annen sier: »I den kirken blev jeg konfirmert!» »Du også?* sier en tredje. «Hvilket år var det?< Og si viser det sig at de stod på kirkegulvet sammen. Andre av lignende natur inntraff under hvert merke. Det er kanskje et feil grep at man får for liten tid vidd til den besøkende« side av saken ved sådanne anledninger.... "
I dette skrinet har fana lege. Det er laga av eik, som er bestandig, men som ifølgje ekspertisen også rik på garvesyre og dermed ikkje så gunstig for lagring av tekstilar. Men fana har også vore pakka inn i eit tøystykke, noko som kanskje kan forklara at den har halde seg godt.
Kassen til Suldalsfana
Kassen til Suldalsfana, som låg lengst lagra i Epping, Williams Conty i Nord-Dakota (på grensa til Montana) hjå onkelen til kona til David Nelson i Grand Forks. Onkelen er Odd Gerhard Thorness (1907-1995), ugift og barnlaus son til Mikkel og Ragnhild Thorness, ho fødd Bratland, nabogard til Tornes. Odd (Ed) var i mange år formann i Suldalslaget til det sovna inn ein gong i 2. halvdelen av 1900-talet, kanskje i 1960-åra (usikkert). Då han døydde, vart det offentleg skifte og fana hamna hjå fam. Nelson i Grand Forks.
Fana vart vist fyrste gongen i Canton, SD, 20.-22. juni 1924 av ein Leif Thorness (merk namnet), og presentert på nytt i Fargo, Nord Dakota i 1926.
Olav Veka 7. oktober 2021.
Skattejakt på hundre år gammalt klenodium gav treff
Det skimrar i gull og glitrar i gilde fargar. Hundre år, mange av dei i nedrulla til stand, har ikkje tatt glansen av det særprega samlings punktet for suldøler over there, som endeleg er komme til heider og dagslys igjen.
Artikkelen ble publisert i Suldalsposten 25. august 2022 og gjengitt her med tillatelse.
Esther Moe
Dei smiler breitt, og det er også tendensar til blanke auge. Sjefsetterforskaren i jakta på den gamle fana, Olav Veka, og leiaren for sogelaget i Suldal, Hadle Eide Bakka, er nær andaktsfulle der dei står og ålbrøstar fana.
Fedreland og kyrkje
Den er pryda med Suldalsporten på den eine sida, og kyrkjene på Nesflaten og Suldalsosen på hi sida. «Helsing fraa Suldal» lyder det med store, trygge gullbokstavar, og det heile er høgtidleg kransa med duskar.
Jo, ein kan komma i tankar om syttande mai. Og om fana dei nyleg kunne pakka ut or ein forseggjort eikekiste, framstår eksotisk nå, var denne sorten samlingsmerke, svært vanleg då.
Slike gjekk det mange av frå heimstaden i gamlelandet til koloniane av nordmenn som hadde søkt lukka i Junaiten, og frå Suldal gjekk det fire. Ein frå kvar av dei dåverande fire kommunane, og denne som nå er kome fram frå gløymselen, er frå gamle Suldal.
Detektivarbeidet
Å finna den igjen, har ikkje akkurat vore strake vegen.
– Eg begynte vel rundt 2018/2019, estimerer namnegranskar Veka. Med ein morbror som var med i arbeidet med fana som blei sendt frå Sand noko etter 1920, har han ein ekstra motivasjon i fanejakta. Han får konstaterande latter frå sin betre halvdel når han fortel at mykje tid er gått med.
Etter at Suldalslaget i Midtvesten blei lagt ned, blei fana etter kvart del av eit arveoppgjer. Fint pakka ned, var den ikkje god å finna, men med nitid detektivarbeid på nettet, kom Veka i kontakt med dagens eigar.
– All ære til David Nelson og familien hans i Nord-Dakota, som hadde teke vare på fana, kosta returen til Suldal, og ikkje minst held oppe kontakten på Facebook gjennom mange bilde av utvandra suldøler, takkar Veka som seier Nelson og familien ønskte at fana skulle komma fram i lyset og bli sett.
«Mindenes bro»
– Det er jo ganske rørande. Å sjå føre seg korleis dei samlar seg og minnest og lengtar. Det er karakteristisk med både Suldalsporten og kyrkja på ei slik fane. Nasjonalkjensle, kyrkje og utvandring er nært forbunde, slår Veka fast, som på ingen måte har tenkt å gi opp jakta på fanene frå Sand, Jelsa og Erfjord.
Han har skrive ein artikkel om tradisjonen med desse samlingspunkta som betydde mykje for samhaldet og bandet til gamlelandet. «Mindenes bro» er det vakre begrepet som blei brukt om fanane i Festskrift for Stavanger Amt Laget i Amerika 1911-1936.
«Imslandsbuen står der modløs og forsagt»
Mange, mange slike blei sendt som gåver frå heimbygda til sambygdingar som hadde reist til det store landet i vest, og aller flest blei det sendt frå Rogaland. Skikken begynte i 1910 og heldt seg framover til andre verdskrig. Ei av dei første gjekk i 1910 frå Årdal i Ryfylke, men alt i 1915 blei det laga ei ny. Den første var for «liten og uanselig», og med ei ny kyrkje under bygging, finansiert av innsamla pengar frå utvandra årdalsbuar, måtte det ei ny fane til. Interessant er også karakteristikken av Imslandslaget over there, som sleit med ei låg oppslutning som blei tilskriven mangel på fane, ifølgje Vekas artikkel.
«Naar de andre bygdelag marsjerer med sine faner i fronten med klingende musik, står imslandbuen der modløs og forsagt (...) og vet ikke hvor han skal hen».
Og slik lyder beskrivinga i det omtalte festskriftet om korleis det var første gong fana blei innvigd blant dei utvandra suldølene i Sør-Dakota.
Leitar etter rett plassering
«Det var på Stavanger Amt Lagets møte i Canton, S.Dak., 20de-22de juni 1924, at fanen ble innvidd og overrakt suldølerne. Den blev bragt frem av Leif Thorness. Da den som skulle holde avsløringstalen ikke var tilstede, talte sekretær Bellesen hvorefter formand Eastvold ønsket suldølerne tillykke med den vakre fane. Forsamlingen reiste seg og sang Kan du glemme gamle Norge«. Dermed blev fanen overrekt suldølerne i Amerika»
Og denne veka landa fana trygt i gamlelandet igjen. Her er planen at fleire skal kunna få ta den augnesyn, fortel kultursjef Aud Marit Hauge som også er på plass i Allrommet, saman med representantar for Ryfylkemuseet.
– Me har sagt at kommunen skal finna ein eigna plass der den kan stå, og så samarbeider med Ryfylkemuseet, for dette er ein gamal gjenstand som me skal passa godt på og lagra rett, smiler Hauge.