Hugs innmelding dette skuleåret! Nye og gamle, konfirmantar og ikkje-konfirmantar!
Refleks Ten Sing er eit kreativt, kristent, lågterskel ungdomsarbeid med slagordet «Ver deg sjølv. Stå opp for andre». Det er ungdommane sjølve som driv Refleks, under tett vaksen-oppfylging. I Refleks skal ungdommane få vere ein del av eit trygt og ope miljø, få uttrykke seg kreativt og etterkvart få leiaransvar. Refleks Ten Sing er ein del av KFUK-KFUM Voss og KFUK-KFUM Norge, og er drive i samarbeid med Kyrkja i Voss.
Kvar torsdag er det ope i Vonheim, frå skuleslutt til kvelden
14.30 Ope hus. Lekselesing, slakking, sosialisering.
16.00 Heimelaga middag rundt langbord (40 kr). Sjå under.
18-20.30 Refleks-øving med leik, kor (alle er med!), grupper, pause med noko godt og felles avslutning.
20.45-22 Nokre torsdagar: Nattkafe med kveldsmat for dei i 10ande og oppover.
Sidan ein stor del av aktiviteten er førebuing og innøving av musikalske prosjekt der alle er med, treng me at alle Refleksarane er i Vonheim i øvingstida mellom klokka 18 og 20.30, og at dei deltek aktivt på opplegget. Om dei ikkje kan vere med på opptreden gir dei gir beskjed til dirigent / bandleiar.
Det er alltid vaksne til stades på arrangement i Refleks-regi, og det er vårt ansvar å sikre trygge rammer for medlemmer og ungdomsleiarar. Me er ikkje mange nok vaksne til å hente tilbake dei som vasar på Vangen i staden for å vere i Vonheim på torsdagane. Gje oss ein lyd om de treng at me vaksne held eit ekstra auge med nokon, og gje oss ein lyd dersom nokon av Refleksarane av ulike grunner ikkje kan vere med på det felles opplegget.
Etter ein frisk auke i inntak av energidrikk etter pandemi har me no innført "energidrikkfri sone" i Vonheim på torsdagane - og hausten 25 prøver me oss på mobilfrie rom og tider.
Alle må fylle inn innmeldingsskjemaet for dette skuleåret, både nye og gamle, og konfirmantar.
Etter at me har registrert innmeldinga i KFUK-KFUM sitt medlemsregister vert medlemspengar krevd inn frå KFUK-KFUM sentralt (via epost og SMS til føresett, eller til Refleksaren sjølv, om den er over 18 år). Medlemspengane krevast inn for kvart kalender-år, men dei som meldast inn på hausten betaler berre for eit halvt år, før faktura for 2026 kjem i januar 25.
Om ein ikkje betalar, kjem det påminning om lag ein gong i månaden. Ein kan sjekke om ein har betalt og kva som er registrert av informasjon på KFUK-KFUM sin medlemsportal. Brukarnamn = refleksaren sitt telefonnummer. Her kan ein og sjølv sette medlemspengane til 50 kr, om økonomien er ei utfordring.
Eit kalenderår koster:
Ordinært medlemsskap: 550 kr
Ordinært medlemsskap, med søskenrabatt: 450 kr
Dei nye som meldast inn i haustsemesteret betalar
Ordinært medlemsskap: 275 kr
Ordinært medlemsskap, med søskenrabatt: 225 kr
Medlemsskap i Refleks gir medlemskap i KFUK-KFUM Noreg, ulykkesforsikring på leirer og arrangement, og rabatt på m.a. Vinterfestival, Nattcup og festival. Sjå andre medlemsfordeler her, mellom anna rabatt hos 4sound! https://kfuk-kfum.no/bli-med/medlemsfordeler
Leirar betalast uoppfordra til konto 3480 16 12727, før leirstart. Info om priser og fristar finnast på info-skriva. Mot slutten av kvart semesteret kjem oppsamlingsfaktura for gløymde betalingar fra dagleg leiar til den føresette sin e-postadresse.
NB! Familien sin økonomi skal ikkje vere eit hinder for å vere med i Refleks eller på Refleks sine aktivitetar. Ta kontakt med dagleg leiar i forkant av arrangement, me har gode ordninger, både lokalt og nasjonalt, og finn lett ei løysing! Me har god erfaring med, og er sterkt oppfordra til å bruke Voss Herad sitt fritidsfond, ta kontakt med dagleg leiar viss me skal sende inn ein enkel søknad! Her kan ein få dekka både medlemspenger, turer og leirer - opp til 2500 kr pr ungdom pr år. Les meir om det her: Voss Herad sitt fritidsfond .
Kvar torsdag klokka 16 serverer me heimelaga middag rundt langbord. Ein melder seg på til middag innan kl 13 same dag, via avkrysning i facebookgruppa for Refleksmedlemmer.
Betaling
Middagar og middagskort kan betalast via Vipps til Refleks Ten Sing (517210) eller overførast til Refleks sin konto 3480 16 12727. Hugs å merke innbetalingar med Refleksaren sitt namn! Viss føresette vippsar for ungdommen er det fint om de sender kvittering til ungdommen, som kan visast før middag. Me ynskjer oss at færrast mogleg kriter og "betaler seinere" - det sparar oss for eit stor kryssjekk-og-purre-jobb i etterkant :)
Pris
Ein middag: 40kr.
Klippekort (11 klipp): 400 kr
Heile skuleåret: 1000 kr
Vil du lage middag til gjengen? Det er ein kjempehjelp for oss! Kryss av i innmeldingsskjemaet eller ta kontakt med Ingrid
I løpet av den fyrste månaden vel alle Refleksarar ei spesialgruppe dei vil vere med i. Dei første vekene brukar me på å teste ut gruppene, før alle velger seg ei gruppe dei vil vere med i resten av året.
Gruppene arbeider med eigne prosjekt ein time nesten kvar torsdagsøving. I år kan dei velje mellom drama, hobby, band (dei som kan spele instrument frå før av) og matlaging. Gruppene vert leia av dei eldste Refleksarane, og det er ungdommane og leiarane saman som bestemmer kva gruppa skal drive med. Her har ein verkeleg høve til å utfolde seg i trygge rammer! Dei fleste gruppene lagar snap-gruppe / chat for informasjonsdeling og beskjedar. I fjor hadde me litt utfordringar med at ungdommane ikkje klarte å velge ei gruppe og virra rundt på huset / stakk på Vangen i gruppetida - ta gjerne ein prat heime om at gruppene berre funkar viss ungdomane kjem fast og bidreg!
Refleks finn på mykje kjekt utanom torsdagstreffa - og det er kanskje særleg her me blir kjende og får laga ei god og trygg gruppe! Me planlegg planleggingstur for leiarane og styret, haustleir for å bli kjende, tur til Nattcup i Bergen, sosialkveld, jolemesseprosjekter, jolebord for dei eldste, Vinterfestival, påskeleir, dugnad og vannkrig på 16.mai, stor kafé på 17.mai, og ikkje minst: vårkonsert. I sommar skal me på sommartur - og kanskje vert dette KFUK-KFUM-festival!
Semesterplan finn du her, og info delast her og i facebookgruppene!
Turar, leirar og sosialkveldar er heilt frivillig, men me anbefaler på det varmaste å bli med - det er der me blir kjende!
Me ynskjer å ha tid til å prata med, sjå og bli kjende med alle ungdommane som finn vegen til Vonheim. Det får me vaksne meir tid til viss me får hjelp av dykk til nokre praktiske ting, kanskje særleg med middagslaging. Me ser at det trengs eksta tett vaksenoppfølging når me har ope hus, og det er lettare om me vaksne ikkje er bundne på kjøkkenet, og om me er mange nok til å spreie oss på etasjane. Viss du kan handle inn til og lage middag til omlag 25 ungdommar ein eller fleire torsdagar: kryss av på innmeldingsskjema eller gje ein lyd til Rønnaug/ Johanne!
Me drøymer også om nokon som vil bruke meir tid med Refleksarane på kjøkkenet på torsdagar (det produserast enorme mengder oppvask og kaos på ein refleks-torsdag, og mange ungdom set stor pris på ein triveleg vaksen å prate med på kjøkkenet!), vere mat-lagar på leir, invitere gruppa på besøk, lage eit kurs (kan du studioarbeid? Me prøver å få gang vårt nybygde lydstudio!) eller sette i gang ein aktivitet. Kryss av i innmeldingsskjemaet eller gje Rønnaug/ Johanne ein lyd! Me lover at det er utruleg stas å henge med Refleks! Dei som melder seg til dette må visa politiattest.
Me treng og litt rein dugnadsinnsats: til kakebaking og sjauing på 17. mai-kafé (RTS sin viktigaste inntektskjelde) og Vonheims-jolemessa, og til dugnad når Refleks og KFUK-KFUM Voss (kanskje!) tek i mot ungdom frå Bjørgvin krets på Vinterfestivalen på Voss i februar.
Refleks Ten Sing er ein del av KFUK-KFUM Voss, ei open og inkluderande foreining med tilbod til vossingar i alle aldrar. Har de yngre sysken i huset kan me tipse om Open Barnehage og om Supertysdag for heile familien, hendige mannfolk kan vere med i vaktmeister-og-kveldsmat-gruppa HandY. Me treng folk til å vere med i det kjekke arbeidet med å lage i stand den store Vonheims-jolemessa (bake kake, lage ting som kan selgast, skaff vinstar, hjelp til førbuingar og gjennomføring). Her er kanskje Putl og prat på onsdagar, noko for deg. Me inviterer òg til temamøter og samtalekveldar der me tek opp tema om liv, tru og tvil. Vil du ta initiativ til noko legg me gjerne til rette!
Finn meir info på facebook, eller ved å kontakte dagleg leiar eller styreleiar Gunvor Sønnesyn