Hugs innmelding dette skuleåret! Nye og gamle, konfirmantar og ikkje-konfirmantar!
Gratulerer med å ha fått ein Refleks-konfirmant i hus! Me håper og trur at dette blir et bra år, og kanskje starten på ein lang Refleks-karriere! Som Refleks-konfirmant får ein både i pose og sekk: god konfirmasjonsundervisning og kjekk konfirmasjonsleir – pluss sjansen til å verte ein del av det store, kreative og rause Refleks-miljøet.
På denne sida finn de informasjon til gamle og nye Refleks-føresette. Me set pris på om de og les informasjonen samla her Påminningar og små-info i løpet av året legg me ut i denne facebook-gruppa, me ber om at de ber om medlemsskap.
Litt om rammene og om kva me forventar
Me reknar konfirmantane som medlemmer i Refleks, på lik linje med resten av Refleksarane. Det betyr:
▶ Innmelding: Konfirmantane må meldast inn i Refleks og KFUK-KFUM, i tillegg til at dei er registrert som konfirmantar. Dette gjer føresett via denne linken Faktura for Refleks-medlemsskap kjem på sms til føresett frå KFUK-KFUM sentralt, konfirmantavgift kjem på faktura frå Kyrkja.
▶ Grupper: Alle Refleksarar vel ei spesialgruppe som jobber med eigne prosjekt ein time kvar torsdag. I år kan dei velje mellom drama, band (dei som kan spele instrument allerede), hobby og matlaging. Dei eldste ungdommane er gruppeleiarar. Gruppeleiarane bør få beskjed om medlemmen vert hindra i å koma.
▶ Utanom torsdagane: Det kjekkaste med Refleks er kanskje det me gjer i tillegg til torsdagane - tur, leir og sosialkvelder. Det er sjølvsagt heilt frivillig å vere med, men me anbefalar det på det varmaste og håpar konfirmantane tek aktivt del i gruppa og i miljøet!
Når kor og band skal opptre reknar me med at konfirmantane anten møter opp eller gir beskjed til dirigent / bandleiar + Rønnaug om at dei ikkje kjem.
Av Refleks-konfirmantane forventar me
▶ at dei er i Vonheim torsdagar mellom kl. 18 og kl. 20.30, tek del i det som skjer med positiv innstilling. Refleks-øvingane er ein heilt sentral del av konfirmant-opplegget deira og konfirmantane ein heilt sentral del av Refleks. Dei gjev beskjed til Rønnaug om dei ikkje kan komme, ho fører frammøtelister.
▶ at dei møter på undervisning i forkant av nokre RTS-øvingar (datoar kjem).
▶ at dei er med på opplegget alle konfirmantane har saman: leir, temadagar og fasteaksjonen. Datoar kjem.
Så lover vaksen- og ungdomsleiarar å gjere alt dei kan for at konfirmantane skal trivast og føle seg inkludert!
Føresett-hjelp?
Konfirmantane utgjer ein stor del av medlemsmassen i Refleks, og me treng bidrag frå dykk føresette. Kryss av i påmeldinga, eller ta direkte kontakt med oss vaksne. Me treng vaksne på Ope hus, hjelp til å lage torsdagsmiddag, matlaging på leir, bidrag til Vonheimsjolemessa, og kaker til 17.mai og jolemesse.Sjå infoen til alle føresette og kryss av i innmeldinga
Ta gjerne kontakt med vaksenleiarane om de lurer på noko!
▶ Kateket Rønnaug Skjeldal har hovudansvaret for konfirmantane og for undervisninga. Ta kontakt med ho om de lurer på noko om konfirmantleir, felles konfirmantprogram, oppmøte, teljing av gudstenester eller om konfirmasjonsdagen.
952 62 025 / rs625 at kyrkja.no
▶ Vaksenleiar i Refleks: