Velkomen til leir på Nesholmen

Vi ynskjer å skape opne, trygge fellesskap der barn og unge kan vere seg sjølv, få opplevingar for livet og utvikle seg som heile mennesker


Velkomen til leir på Nesholmen leirstad. Leirstaden ligger i Gloppen kommune, ca 30 minutt frå Hyen mot Florø. Leirstaden ligg idyllisk til ved Storfjorden. 


Årets leirar er:

Barneleir for aldersgruppa 1. til 4. klasse  som vert arrangert 21. - 23.  juni. 

Aktivitetsleir for aldersgruppa 5. til 7. klasse som vert arrangert 24. - 27. juni 

Gamingleir for aldersgruppa 4. klasse  til 3. vidaregåande klasse som vert arrangert 27-30. juni. 



Alle skal ha moglegheit til å vere med på leir. Av og til kan utfordrande økonomi gjere det vanskeleg å melde seg på. KFUK KFUM har eit deltakarfond som kan vere med å støtte deltakelse på leir.  TRYKK HER for å få nærmare informasjon om dette ta kontakt med oss via e-post til daniel.lira@kfuk-kfum.no så hjelper vi til at alle skal få oppleve leir uansett økonomiske eller andre utfordringar ein har.