Vi ynskjer å skape magiske leiropplevingar for barn og unge på Nesholmen. Utan trygge vaksne, dyktige ungdomsleiarar så klarer vi ikkje det. Kunne du tenke deg å vore frivillig på ein leir.
Vi i KFUK KFUM Sogn og Fjordane vil i juni arrangere 3 leirar på vakre Nesholmen leirstad.
Vi håper at i løpet av desse tre leirane vil møte over 100 barn, tweens og ungdomar.
For å gjennomføre leirane treng vi og trygge vaksne som kan hjelpe oss med å arrangere leirane. Di oppgåve som vaksen er å:
Vere tilstades når programpostar skjer.
Observere viss nokon av deltakarane treng hjelp av ein eller anna slag
Hjelpe til å ordne til og rydde i samband med aktivitetar.
Andre vil ha ansvar for gjennomføring av aktivitetar og vi treng at du hjelper til slik slik at aktivitetane vert ei god oppleving for deltakarane
Kunne dette vere av interesse, trykk på linken "frivillig på leir" så tar vi kontakt.