Velkomen til barneleir på Nesholmen 21. - 23. juni 2024.
Barneleiren er for ungar frå 1. til 4. klasse
Endeleg program er ikkje klart enda.
TRYGG LEIR
Det å sende barn frå 6 år og oppover på leir kan for ein del foreldre/føresatte vere ein bøyg. Kanskje barnet ditt har spesielle behov, kanskje barnet er usikker i framande omgjevnadar eller kanskje ein ikkje har vert borte frå foreldra før. Vi ynskjer å tilrettelegge for ein god leiroppleving. Det er høve for foreldra eller andre med nær tilknytning til barnet å vere med på leir. Foreldre som vert med får eige rom litt i frå ungane på leiren. Du som vaksen har moglegheit til å utforske fasilitetane på leirstaden, gå deg ein tur eller padle i kano. Innimellom kan du vere med på aktivitetane som barna er med på.
Vi har arrangert leir på Nesholmen i over 70 år og har god erfaring med store barnegrupper. Vi har mange leiarar, både ungdom og vaksne som gjer sitt til at ungane får ein god leiroppleving.
Pakkeliste
laken, dyne og putevare
Klesskift
Toalettsaker
badekle
Kle for å vere ute å leike
Regnkle
innesko
lommepengar til kiosk, max 100 kr
Alle skal ha moglegheit til å vere med på leir. Av og til kan utfordrande økonomi gjere det vanskeleg å melde seg på. KFUK KFUM har eit deltakarfond som kan vere med å støtte deltakelse på leir. TRYKK HER for å få nærmare informasjon om dette eller ta kontakt med dagleg leiar Stein Robert på mobil 41764312 så hjelper vi til at alle skal få oppleve leir uansett økonomiske eller andre utfordringar ein har.
Pris for leir :
Deltakar: 900 kr, rabatt om du er medlem i KFUK KFUM.
syskjenmoderasjon frå deltakar nr. 2 i same familie
Foreldre/føresatte: 800 kr.