Påmelding

PÅMELDING av deltaKARAR

Informasjon til føresette:

Du melder på konfirmanten din til den som er konfirmantansvarleg i det soknet som de soknar til. Deretter vil konfirmantansvarleg sende inn ei felles, samla påmelding av konfirmantane til KFUK-KFUM. Føresette skal ikkje sende inn skjemaet under til KFUK-KFUM. 


Informasjon til konfirmantansvarleg/ kyrkjelege tilsette i sokna:

I forkant av arrangementet treng vi at alle konfirmantar, ungdomsleiarar og vaksenleiarar vert meldt på slik at vi kan registrere alle som deltakarar i KFUK-KFUM Connect, som er vårt påmeldingssystem. Dette for at vi skal ha oversikt digitalt over kven som er tilstade, kunne ivareta tryggleiken, ha kommunikasjon med deltakarar og føresette ved behov og få inn informasjon om matomsyn og andre tilretteleggingsbehov. 

Det bør vere med ein vaksen pr 8 konfirmantar.  

For å melde på deltakarane frå ditt sokn lastar du ned og fyller ut dette skjemaet der du legg inn informasjon om kvar einskild person. Ferdig utfylt liste skal sendast til alice@kfuk-kfum.no innan 11. mars 2024. Har du lista klar før dette, send den gjerne inn. 

MAL SKJEMA TIL UTFYLLING (trykk for å opne og laste ned)

Du må laste ned ein kopi av skjemaet for å kunne redigere skjemaet. Trykk på FIL  -> LAST NED -> MICROSOFT EXCEL


I skjemaet skal du legge inn følgjande informasjon: 


Ikkje gjer endringar i malen som å flytte på eller slette kolonnar. Bruk det formatet som er vist i dømet. 

deltakaravgift

Konfirmant: kr. 400

Ungdomsleiar: Gratis

Vaksenleiar: Gratis


Prisen inkluderer alt av program og måltid.  Reise til/frå Knarvik er ikkje inkludert i deltakaravgifta. 


Deltakaravgifter for Konfirmantfestivaldagen sendast samla som EHF-faktura til soknet i forkant av arrangementet, i løpet av veke 12.