Program

Her finn du programmet og informasjon om dei ulike programpostane. 


Last ned programmet ved å trykke her


Bruk nedtrekksmenyen under for å lese meir om dei ulike delane av programmet. 

OPPMØTE/ REGISTRERING

For at oppmøte/ registrering skal gå smidig har vi fordelt sokna slik:
11:00: Knarvik

11:05: Meland

11:10: Lindås, Osterfjorden

11:15: Radøy, Masfjorden

11:20: Austrheim, Fedje, Mo

11:25: Solund, Gulen

Då kjem hovudansvarleg vaksenleiar og hentar ein konvolutt for sitt sokn. I konvolutten ligg deltakarband (gule til konfirmantane og raude til leiarane), samt aktivitetsfordelingsliste.  Dersom ein har for mange band, er det fint om vi får desse tilbake.  Alle konfirmantar og leiarar skal ha på seg deltakarbandet. 

Det er fint om de samlar gruppa utanfor kyrkja og når alle har kome går de samla inn og finn dykkar stolrekkjer inne i kyrkjerommet. Stolrekkjene er markerte med kva sokn som sit kor. Små sokn vil måtte dele stolrekkje med eit anna sokn. 

opningsshow og AVSLUTNINGSSHOW MED LITURGISK SAMLING

Opningsshowet vert leia av Bjørgvin Bispedøme sitt "Sammen team". Her vert det sang og musikk, leik og konkurransar og  forkynning ved Thor Haavik. Tema for opningsshowet er "Gode grunnar til å tru på Gud". 


Avslutningsshowet vil vere ein mellomting mellom eit show og ei gudsteneste. Det vil vere ein del liturgiske element som konfirmantane vil kjenne igjen frå gudstenester. Tema for avslutningsshowet er "Jesus som venn". 

trusvandring

Etter opningsshowet vert det ein fellesaktivitet som er ei trusvandring. Store sokn vil verte delt inn i mindre grupper. Trusvandringa vil også vere med på å danne grunnlaget for den liturgiske samlinga i avslutningsshowet. På kvar post vil konfirmantane utforske ulike tema og handlingar. Vi skal innom m.a. tema som bøn, kyrie, gloria, skaparverket og Gud i kvardagen. 

Her er det viktig at det er ein vaksenleiar som følgjer kvar gruppe. Nokre poster er ubemanna og andre er bemanna. Sjå oversikt over dei ulike postane og antall grupper her

Kvart sokn må dele inn sine konfirmantar i mindre grupper etter oversikta i dokumentet, samt fordele ein minst vaksenleiar på kvar gruppe. Denne oversikta sendast på e-post til Kristin og Alice før 4.april. 

aktivitetsgrupper



Fordeling soknevis på aktivitetsgrupper finn du her:

Austrheim og Fedje

Gulen

Knarvik

Lindås

Masfjorden

Meland

Mo

Osterfjorden

Radøy

Solund


Utstyrsbehov til dei ulike aktivitetsgruppene ligg i skildringa - viktig at alle konfirmantane har med det som er behov for av utstyr til aktivitet.


Inndeling i Amazing Race grupper:

Knarvik: t grupper med 5-6 konfirmantar.  Vi deler konfirmantane inn i grupper på førehand. Behov for tre leiarar frå Knarvik.

Austrheim og Fedje: tre grupper  med 6-7 konfirmantar pr gruppe. Vi deler konfirmantane inn i grupper på førehand. Behov for tre leiarar frå Austrheim/Fedje.

Masfjorden og Meland er ei gruppe saman (4+1 konfirmantar)

Radøy er ei gruppe med 5 konfirmantar

Til Amazing Race trenger vi at sokna sender med vaksenleiarar/føresette/ ungdomsleiarar som følger sine grupper og fungerer som gruppeleiar. Gruppeleiarane får informasjon av Eva Kristin frå Sjømannskirken ved oppstart slik at alle har fått god info om korleis opplegget fungerer.  I tillegg har vi 5 ungdomsleiarar (10.klassingar som har delteke på Amazing Race som kan støtte oppom grupper der det er behov). 



-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Informasjon om aktivitetsgrupper ved påmelding

Etter lunsj er det ein bolk med aktivitetsgrupper . Konfirmantane får delta på ein aktivitet. I påmeldingsskjema skal ein oppgi første, andre og tredjeval. Vi gjer deretter fordeling. Alle aktivitetar har eit tak på kor mange som kan delta på aktiviteten, der nokre har plass til ganske få og andre aktivitetar har plass til mange. 


Skildring av dei ulike aktivitetane finn du ved å trykke her.  

Aktivitetane som konfirmantane kan velje mellom er:

SONGAR

Oversikt over songane som vert brukt på opningsshow og avslutningsshow:


Link til Spotify-speleliste: 

https://open.spotify.com/playlist/1yVsjctVBTYbB90r0uB7am?si=3335719b399741ed