Praktisk

Måltid 

De vert servert lunsj, samt ei pause med frukt og snacks. 

Matallergiar og andre diettomsyn legg vi til rette så godt vi kan for så framt at dette er meldt inn innan påmeldingsfristen.

Alle må hugse å ta med eiga drikkeflaske.
Vaksenleiarar som ønskjer kaffi/te gjennon dagen - ta gjerne med termokopp så sparer vi miljøet litt :)

Reise

Vi skal vere i Knarvik kyrkje i Knarvik. Adressa til kyrkja er Lonsvegen 100, 5914 Isdalstø.

Det er greit med parkeringsplassar ved kyrkja for dei som kjem med bil. 

Kvart enkelt sokn har ansvar for å organisere reise for sine konfirmantar. Reisekostnadar er ikkje inkludert i deltakaravgifta. 

Registrering startar klokka 11:00, og vi tildeler alle eit "innsjekkestidspunkt".

Programmet er tilpassa dei som har lang reiseveg/ fergeruter. 

DUGNADSOPPGÅVER

For at festivalen skal verte ei god og trygg oppleving for alle, har vi behov for litt hjelp til dugnadsoppgåver som brannvakter under show, måltidsvertskap og ryddehjelp. 

Alle sokn vil få tildelt nokre dugnadsoppgåver som  de har ansvar for å dekke inn. Vi vil oppmode til at de ber føresette til konfirmantane om å stille, då dykk som er vaksenleiarar har ansvaret for å følgje opp konfirmantane undervegs i dei ulike programpostane. 

Kvart sokn får beskjed om kor mange dugnadsoppgåver de har fått tildelt, som er basert på antall konfirmantar slik at store sokn vil få fleire dugnadsoppgåver enn små sokn å dekke.


Fordelinga ser slik ut:

Brannvakter under opningsshow (oppmøte kl. 11:00):

Austrheim/Fedje (1 person)

Knarvik (1 person)

Masfjorden (1 person)

Meland (1 person)

Radøy (1 person)


Brannvakter under avslutningsshow (oppmøte kl.15:45):

Austrheim/Fedje (1 person)

Gulen (1 person)

Osterfjorden (1 person)

Radøy (1 person)

Solund ( 1 person)


Måltidsvertskap lunsj (oppmøte kl. seinast kl.13):

Knarvik (2 personar)

Lindås (1 person)

Meland (2 personar)

Osterfjorden (1 person)


Måltidsvertskap snackspause (oppmøte kl.15):

Austrheim/Fedje (1 person)

Gulen (1 person)

Knarvik (1 person)

Lindås (1 person)


Ryddehjelp (kyrkja og Knarvik arena), oppmøte kl.15:30: 

Knarvik (1 person)

Lindås (1 person)

Meland (2 personar)


Oppsummert antall personar som kvart sokn skal stille med til dugnadsoppgåver:

Austrheim/ Fedje: 3 personar

Gulen: 2 personar

Knarvik: 5 personar

Lindås: 3 personar

Masfjorden: 1 person

Meland: 5 personar

Osterfjorden: 2 personar

Radøy: 4 personar

Solund: 1 person 


På førehand takk for hjelpa!

ARRANGEMENTSREGLAR

For at alle skal ha det bra på festival og oppleve arrangementet som ein trygg felleskap, har vi nokre reglar som gjeld for alle som deltek:


Det er ein føresetnad at dei ansvarlege vaksne frå kvart sokn følgjer opp reglementet ovanfor deltakarane sine. Ved behov for eventuelle sanksjonar vert dette gjort i samarbeid mellom arrangør og sokn.

Beredskap

KFUK-KFUM Bjørgvin vil legge grunnlag for eit arrangement der deltakarane skal kjenne seg trygge i dei aktivitetane som skjer på arrangementet. Derfor gjer vi naudsynte tryggleiksvurderingar og risikoanalyser i forkant og utarbeidar ein beredskapsplan for arrangementet for å kvalitetssikre tryggleik og beredskap