Problemløysing ved mobbesaker

Vi ynskjer å fylgje prinsippet om at problem skal løysast på lågast mogleg nivå, t.d. ved at den vaksne som kjem inn i ein plagesituasjon prøver å løysa situasjonen der og då, før det vert meldt frå til kontaktlærar. Men vi skal alltid vere på vakt for å sjå til at elevane har det trygt og godt på skulen.

Mobbing eller annan krenkjande åtferd kan avdekkast gjennom undersøkelsar, samtalar, observasjon, at eleven sjølv seier frå, eller at føresette/andre seier i frå om dette. Den som avdekker dette, må straks melde frå til kontaktlærar og rektor, som tek seg av den vidare handsaminga.

Dersom skulen får vite om at ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, skal det straks (seinast innan fem virkedagar) lagast ein skriftleg aktivitetsplan. Planen er ei oversikt over:

  • Kva for eit problem som skal løysast
  • Kva skulen har planlagt
  • Når tiltaka skal gjennomførast
  • Kven som er ansvarlig
  • Når tiltaka skal evaluerast

Under er Fogn oppvekstsenter sin mal for aktivitetsplan:

Aktivitetsplan, mal til nettsida.pdf