Førebuing til 1. klasse

Mål: Barnehage og skule har etablerte rutinar som gjer overgangane trygge for gruppa og kvar einskild.

Tiltak:

  • Oppvekstsenteret har fleire fellesarrangement gjennom året, der både barnehagen og skulen tek del.
  • Elevar som skal byrje i 1. klasse, har innskriving på julefesten i desember året før skulestart.
  • Informasjon om SFO og søknadsprossedyre blir kunngjort for føresette til komande førsteklassingar.
  • Kontaktlærar for neste års førsteklasse kjem på besøk til barnehagen ein gong i veka mellom påske og sommarferien.
  • I mai/juni er det 1-2 førskuledagar der komande førsteklassingar får prøva seg som elevar, samt at føresette får informasjon om skulestart og kva som blir forventa. Pedagogisk leiar er med den første dagen.
  • Skulen har eit eige overgangsmøte mellom pedagogiske leiarar og kontaktlærar. Føresette, helsesyster og PPT kan delta i særskilte høve.