Elevane sitt skulemiljø

Fogn oppvekstsenter

I opplæringslova §9a-2 kan vi lese at "Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø, som fremjar helse, trivsel og læring". Dette er noko alle som arbeider ved Fogn oppvekstsenter er forplikta til å ta på alvor, og arbeidet med å skapa eit mobbefritt og godt læringsmiljø har høg prioritet. Korleis vi vil arbeida med dette, og heile §9-a i opplæringslova, kan de lese meir om på denne nettsida.

For å sjå nærare på våre planar og årshjul knytta til dette, kan du gå vidare inn på undersidene frå menyen øverst på denne nettsida. Vi anbefaler også å besøke nullmobbing.no, som er Utdanningsdirektoratet si nettside med informasjon til barn, unge og foreldre om mobbing og rettigheiter.

Skulen følgjer Utdanningsdirektoratet sine retningslinjene, knytta til kva skulen kan gjere i forhold til mobbing og mistrivsel. Sjå DENNE nettsida. Vi nyttar også Utdanningsdirektoratet sin definisjon på mobbing, som er:

"Mobbing er gjentekne handlingar frå ein eller fleire saman, mot ein elev som kan ha vanskeleg for å forsvara seg. Mobbing kan vera å kalla ein annan stygge ting og erta, halda ein annan utanfor, baksnakka eller slå, dytte eller halda fast."

Historikk

I 2003 fekk opplæringslova eit nytt kapittel, nemleg kapittel 9a om elevane sitt skulemiljø. Dette kapittelet gjennomgjekk ei revidering i 2017, og det er dette kapittelet planen for godt læringsmiljø er basert på.

Planen vart laga av Jarl Morten Johansen, Stein Særvoll og Øydis Antun, då som ein fellesplan for FFF-skulane (Finnøy Fådelt Forum) i kommunen, i 2014. Etter lovendringa i 2017 vart planen revidert våren 2018 for Fogn oppvekstsenter, og dette arbeidet vart leia av Håvard Østhus.