Takk for fylgje
Takk for fylgje
Werner pleier Niilo etter Vågå-krasjet
Niilo og Erling på tur med Peugeoten
Eg har mange minner frå venskapen med Niilo. Dei to ytterpunkta var då han lånte vingen min i Vågå i 1978 og den kollapsa 200 meter over starten, til eg som stemneleiar kunna hylla Niilo som noregsmeister under NM på Voss fem år seinare. Innimydlo, samt både før og etter desse to ekstreme hendingane var det mange kvardagshendingar.
På vedlagt bilete er to av eldsjelene i Kvam hang gliding club på leit etter nye startplassar på tampen av 70-talet. Eg lyser fred over minne dykkar begge og takkar for fylgje.